Foredrag om Møllmanngården i Trondhjem

Publisert 18.12.2020

Tilnærmingar til eit tapt trepalé i 1700-talsform og 1700-talskonteks. Foredrag av kuntshistorikar Alexander Asphaug Rauboti.

Når: 11. februar kl 20:00

Hvor: Rådhussalen, Trondheim folkebibliotek

Gratis, krever påmeldling

Ein iskald morgon i januar 1942 brann trebygningen kjend som Møllmanngården eller «Harmonien» på Torvet i Trondhjem ned til grunnen. Med eitt var byen og nasjonen frårøva eit uerstatteleg kulturminne, som med sine rause dimensjonar hadde vore eit iaugefallande element i bybiletet i over 170 år. Men kvifor vart dette særprega og myteomspunne anlegget reist i utgangspunktet, og korleis såg det eigentleg ut i si opphavlege form? Held populære byhistoriske overleveringar om forfengelege enkjefruer i kappestrid vatn i møte med samtidig kjeldemateriale? Og på kva måte er ei kongeleg vitjing i 1773 særskild interessant i samanhengen?

Alexander Asphaug Rauboti er utdanna kunsthistorikar ved NTNU. Dette føredraget byggjer på hans masteravhandling. Rauboti jobbar i dag som prosjektleiar ved Lillingstonheimen i Fjaler, ein av Fortidsminneforeininga sine eigedomar.  

Arrangementet er et samarbeid med Kunnskapsbyen Trondheim.

SMITTEVERN

Vi har sprit og sørger for god avstand i lokalet på våre foredrag. Men, du har selv ansvar for å ta vare på dine medmennesker! Vask hendene, hold avstand og hold deg hjemme om du ikke er i form. Sørg også å holde deg oppdatert på gjeldende smittevernregler der du ferdes.