FINNESLOFTET

Ein makelaus bygning frå 1295

Finnesloftet blei truleg bygd sommaren 1295 av stormenn på garden Finne på Voss. Undersøkingar av treverket har vist at tømmeret blei hogge vinteren 1294/95. Det spesielle med måten Finnesloftet er bygd på er at det har liggjande tømmer i første etasje og stavverk og ståande konstruksjonar i andre etasje. Veggane i andre etasje liknar veggane vi finn i stavkyrkjer, og i dag finst det ingen andre verdslege bygningar att i Noreg som er bygde på denne måten.
60,6270747 6,3953361
Finnesvegen 20 -14, Vossevangen , 5704

Voss, Hordaland (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeininga sidan 1891.

Unik konstruksjon. Bygningen er tydeleg påverka både av tømmerbygging, stavkyrkjer og normannisk steinarkitektur. Den siste påverknaden viser seg mellom anna i forma på dørene i andre etasje, med kopla søyler på sidene og tredobbel boge over døra. Første etasje er sett saman av to lafta tømmerkjernar med ein liten passasje mellom. Svalgangane på sidene er nye, og det er uvisst korleis dei såg ut i mellomalderen. Andre etasje har òg to rom, eit stort og eit lite, med svalgang på begge langsidene.

Festhuset til Finne-familien? Kva har dette særeigne bygget vore brukt til? Mest truleg blei bygningen ført opp for fest- og representasjonsbruk, og blei i mellomalderen truleg ikkje berre brukt av den mektige Finne-familien, men var nok òg til leige for andre. Dei to romma i første etasje blei truleg brukte til å ta imot mat og drikkevarer. Kokinga og brygginga gjekk føre seg i ein separat bygning. Det minste rommet i andre etasje kan ha vore brukt til å gjere klar mat og drikke til servering.

Festsalen. Det største rommet var møte- og festrommet. Veggane har vore dekte med vovne teppe. Det var vanleg å setje borda i hesteskoform langs tre veggar, og gjestene sat berre langs eine sida av bordet. Då var det plass til rundt 50 personar til bords.

Opplevingar i området: Finnesloftet ligg i Gullfjordingen på Voss, i gangavstand frå sentrum og nær Voss Vandrarheim. Voss har mange aktivitetar å by på, frå ekstremsportaktivitetar i fjell og vatn til museum, handel og Vossajazz: Visitvoss.no

Referanse: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994.