HOPPERSTAD STAVKYRKJE

Stavkyrkja som stod opp att med Borgund som førebilete

Stavkyrkja ligg vakkert til på ei høgde i det frodige jordbrukslandskapet i Vik i Sogn. Kyrkja som ho står i dag, er eit resultat av ein heilt spesiell redningsaksjon på 1880- og 1890-talet. Arkitekt Peter Andreas Blix (1831–1901) leidde arbeidet med å gjenreise kyrkja, og betalte delvis med sine eigne pengar. Hopperstad stavkyrkje er såleis òg ei historie om innsatsen eldsjeler har lagt ned i kulturminnevernet.
61,0774797 6,5690437
Hopperstadvegen 61, Vik, 6893

Vik i Sogn, Sogn og Fjordane (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1880.

Ei klassisk stavkyrkje med Borgund som førebilete. Hopperstad er rekna for å vere ei av dei eldste stavkyrkjene i Noreg og blei truleg bygd rundt 1130. Det opphavlege eksteriøret er ukjent, og kyrkja som ho står i dag, er eit resultat av restaureringa på slutten av 1800-talet. Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja for å berge henne, og kjøpet omfatta berre mellomalderdelane av kyrkja. Seinare tilbygg og innreiing blei fjerna. Arkitekt Blix tok utgangspunkt i spor, og der han mangla haldepunkt brukte han for det meste Borgund som førebilete. Dette er tydeleg i takryttarane og mønekammane med drakehovud. Kyrkja framstår som ei klassisk stavkyrkje, og vestportalen som rammar inn hovudinngangen er noko av det aller beste av norsk treskjering frå mellomalderen. Hopperstad er den einaste av dei bevarte stavkyrkjene som framleis har den opphavlege korskiljeveggen intakt. Baldakinen over sidealteret mot nord er eineståande i Noreg. I sidene av kvelven i baldakinen er det måla scener frå barndomen til Jesus, og ein reknar med at dei blei måla på slutten av 1200-talet. Gavlen på baldakinen har rike utskjeringar. Lite er bevart av utsmykkinga og kyrkjeinventaret frå etter reformasjonen, men det finst restar av eit landskapsmåleri frå 1700-talet på den eine veggen.

Opplevingar i området. Fjell, fjord, laksefiske, kulturminne og smaksopplevingar. – Det storslegne fjordlandskapet byr på mange moglegheiter. Mellomalderkyrkjene på Hopperstad og Hove, dei gamle husa på Vikøyri, Fridtjovparken med den 22 meter høge statuen av Fridtjov den frøkne, som var ei gåve frå keisar Wilhelm II i 1913, med fantastisk utsikt over Sognefjorden. – Eller du kan vitje Ostebaren på gamalostmeieriet til Tine. Sylvringen er ein fantastisk og minnerik kulturell rundtur med guide i Vik.Visitnorway.no 

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994.