MOSTER GAMLE KYRKJE

Moster sin plass i den norske kyrkjehistoria

Moster gamle kyrkje er eit av dei enklaste kyrkjebygga i landet, og står på historiske Moster. Snorre fortel at Olav Tryggvason feira messe og grunnla ei kyrkje her i 995. Olav den heilage og biskop Grimkjell heldt ting på Moster i 1024 der kristenretten eller kyrkjeordninga i Noreg blei innført. Lenge trudde ein at Moster gamle kyrkje var kyrkja som Olav Tryggvason grunnla, men grundige undersøkingar på slutten av 1800-talet viste at så ikkje var tilfelle
59,6991859 5,3857836
Tora Mostrastrongsveg 1, Mosterhamn, 5440

Mosterhamn, Hordaland (Vestland)

Eigd av Fortidsminneforeningen sidan 1874.

Enkel steinkyrkje rikt utstyrt med gåver. Ein trudde lenge at Moster kyrkje var den eldste kyrkja i landet. Undersøkingar i 1872 konkluderte med at det ikkje finst sikre bevis for at ho er så gamal, men at kyrkja blei bygd før slutten av 1100-talet. Denne steinkyrkja er eit av dei enklaste kyrkjebygga i Noreg, med kvadratisk kor og rektangulært skip. Den einaste utvendige dekoren er klebersteinsokkelen som går rundt heile kyrkja. Innvendig er det berre korbogen som har ornamentikk. Det einaste som er bevart av mellomalderutstyret i kyrkja er kyrkjeklokka frå første halvdel av 1200-talet.

Store endringar etter reformasjonen. Kyrkja gjekk gjennom ei stor innvendig omgjering tidleg på 1600-talet. Dei innvendige veggane er dekte av etterreformatoriske kalkmåleri, og det eldste målingslaget er datert til ca. år 1600. Så godt som alt inventaret er i renessansestil. På 1600- og 1700-talet fekk kyrkja mange gåver frå byborgarar og handelsmenn, mellom anna store vindauge i koret og skipet. Men sjøfolk i havsnaud skjenkte òg gåver til Moster gamle kyrkje. Offiserane på den danske ostindiafararen «Anna Sophia», som etter seks veker i storm og havsnaud fann hamn i Mosterhamn i 1722, viste si takksemd ved å gje ei verdifull gåve – sølvfat, dåpshus og døypefont – til kyrkja.

Opplevingar i området. Besøk i kyrkja gjev ekstra djup innsikt dersom du òg vitjar Moster senter for religions- og kyrkjehistorie ved Moster Amfi. Kvar sommar kan ein òg oppleve Mostraspelet «I slik ei natt», som er skrive av Svein Tindberg, i tillegg til musikalar, konsertar og andre spanande arrangement. På Bømlo og i Sunnhordaland står kysten og kystkulturen sterkt, med rike moglegheiter for fiske og friluftsopplevingar. Visitsunnhordland.no  

Kjelder: «En reise gjennom norsk byggekunst» red. Terje Forseth. Fortidsminneforeningen 1994. «Moster. Trygg hamn i 1000 år». Øystein Ekroll. Boksenteret forlag. Fortidsminneforeningen. 1995