Gaupne gamle kyrkje er ei staseleg og enkel laftekyrkje som vart oppført i 1647-1652. Laftekyrkja avløyste den stavkyrkja som stod i same området. Fleire delar frå denne stavkyrkja vart nytta om att, til dømes sideplankane i vestportalane. Desse er pryda med utskjæringar av ormar og drakar som slyngjer seg om einannan. Interiøret er rikt og fargestrålande dekorert. På austveggen i våpenhuset er måla ein tekst som fortel at Geble Augmundsen Røneyd let denne kyrkja verta bygd i 1647.

Gaupne gamle kyrkje vert i dag nytta til spesielle markeringar som den årlege olsok-gudstjenesta. I 1909 vart kyrkja gjeven som gåve frå kyrkjelyden til Fortidsminneforeninga.

TILLEGGSINFORMASJON

Besøk
Utleie

Sesong

8. juli – 6. august 2016. Stengt søndagar og måndagar

E-post

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon

57 67 88 40

Adresse

Gardavegen,6868 Luster

Priser

Enkeltbillett NOK 50,-
Student/born over 5 år NOK 40,-
Gruppe (min. 15), pensjonist NOK 40,-
Familie NOK 150,-

Merknader til besøkende

Opningstid: 11.00–16.00. Tinging av omvising (kun grupper): tlf. 57 67 88 40, e-post: gaupne@stavechurch.com