fbpx

Familiedag på Steinvikholm. Anno 1537 - der det verkeleg hende!

Fortidsminneforeningen - Den trønderske avdeling har gleda av å invitere store og små til Familiedag på vakre Steinvikholm 3. september!

Er du ein av mange som følgde fjernsynsserien ANNO i vinter? Har du lyst til å lære landets siste, katolske skanse betre å kjenne? Som stolt eigar innbyr vi til ein opplevingsrik dag i erkebiskop Olav Engelbrektsson sitt gamle slott på Steinvikholmen! 480 år er gått sidan byggherren sjølv måtte rømme landet i 1537, og det er dette historiske vendepunktet som ligg til grunn for årets program.

Bispeliden stiller med sverdkamp, og det vert ponniriding, handverksmarknad, skattejakt, steinhogging, arkeologisk sandkasse, heraldisk verkstad, eventyrstund, musikalske innslag ved Opera Trøndelag - og mykje meir. Nytt dessutan høvet til lære edel smedkunst av Ida og ANNO-Magnus! I tårnet "Bonden" vil Erik Opsahl kaste ljos over staden si rolle i tida kring reformasjonsåret 1537 med føredraget "Steinvikholms betydning i norgeshistorien". Kvifor bygde erkebiskopen slottet når han allereie hadde Erkebispegården i Trondheim? Kor viktige var eigentleg hendingane som utspela seg der?

PROGRAM
11:30 Portane opnar
12:00 Opning og velkomst i borggarden
          Sverdkamp ved Bispeliden (etter opning)
12:30 Minikonsert ved Opera Trøndelag i Bonden
          Eventyrstund i Vanntårnet
13:00 Anno 1537 – der det verkeleg hende! Opplegg for store
          og små i Vanntårnet
          Omsyning i slottet
13:30 Aktivitetar ved Trondheim Vikinglag
14:00 Sverdkamp ved Bispeliden
14:30 Føredrag «Steinvikholms betydning i norgeshistorien»
          ved Erik Opsahl i Bonden
          Anno 1537 – der det verkeleg hende! Opplegg for store
          og små i Vanntårnet
15:00 Aktivitetar ved Trondheim Vikinglag
15:30 Omsyning i slottet

Stjerne i boka til alle som tør å stille med 1500-talskostyme. Vel møtt!

BILLETTAR
70,-/90,-/300,- (born/vaksen/familie 2+3). Desse kan gjerne kjøpast på førehand via lenkja under. Ta med kontantar til handverksmarknad ;)

KJØP BILLETTAR