fbpx

Fantasier om Det fjerne Østen

Torsdag 21. september kl. 18:00 er Munkegata 23 (betre kjend som Stiftsgården) staden å vere, då vi i samarbeid Nordenfjeldske kunstindustrimuseum og Statsbygg har vi gleda å invitere til temakveld!

Fantasier om Det fjerne Østen gjev eit eksotisk innblikk i den europeiske fascinasjonen for alt kinesisk på 1700-talet, og som sette sitt ulikarta preg på kunst og arkitektur for dei motemedvitne - også i Trondheim. "Det kinesiske kabinett" i Stiftsgården er blant dei mest sentrale døma, som for tida er under restaurering. Gå ikkje glipp av sjansen til å høyre meir om kineseriar i europeisk kunsthistoriesamanheng og samstundes få eit unikt innblikk i restaureringa av det vesle, eksotiske kabinettet ved Tronsalen.

Som medlem i Fortidsminneforeningen får du rabattert pris til kr. 50,-. Billettar kan kjøpast på staden frå 17:30, og då det er avgrensa plassar på arrangementet ber vi interesserte møte i god tid. Hugs gyldig medlemsskapsprov. Ta elles ein titt på heimesida for temakvelden for fullstendig program, via lenkje under.

Velkomen!

Til fullstendig program