fbpx

Kurs i komposisjonsmåling

Nysgjerrig på god og billeg måling med røter attende til 1500-talet? Bli med og lær korleis ein lagar tradisjonell og miljøvenleg uthusmåling av rugmjøl, vatn og fargepigment!

Saman med gardeigar Vigdis Vågen inviterer Fortidsminneforeningen - Den trønderske avdeling til kurs i komposisjonsmåling på garden Molund i Mostadmarka 26. - 27. august. Kurset innheld både teori og praksis, og saman vil vi måle delar av låven, som for tida er under restaurering etter antikvariske prinsipp. Kursleiar er vår lokale målarmeistar Jorunn S. G. Moslet frå Malersvenneriet AS.

PROGRAM
Laurdag 10:00 - 17:00: 
Teoretisk innføring i historikk, teknikk og materialar, samt koking av komposisjonsmåling.

Søndag 10:00 - 16:00:
Veggpanelet klargjerast og måling påførast i sosialt lag.

I billetten inngår lunsj båe dagar samt utstyr - men ta gjerne med stålbørste om du har. Velkomen!

Billettar til kr. 550,-/750,- (medlem/ikkje-medlem) kjøpast på førehand. Ved spørsmål er det berre å ta kontakt med oss på e-post Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den..

Billettar