fbpx

Huldrekveld i Finnesloftet med Astri Sudmann

Huldrehistorier for vaksne

Astri Sudmann har i mange år reist rundt og fortalt for små og store, inne og ute, alvor og skjemt. Lenge før me hadde bøker, radio, fjernsyn og filmar, fortalde folk historiar for å underhalde og bringa vidare viktig lærdom og livsvisdom. Forteljingar er like viktig i dag i vår travle multimedieshowverd, der me vert overaust av bilete på bilete.
Når me lytter kan me skapa vår eigen, indre film med gjenklang i eigne levde liv; slik forteljingane og speigle forteljaren.
Astri er utfordra til å fortelja huldrehistoriar, og meiner dei er Gudsens sanning kvart eit einaste ord, me kan tru det... eller la vera.

Astri ynskjer å bergta/forføre med forteljingane i loftet.
Ho saknar ofte ein hale å logra med...

Velkomen!

Stad: Finnesloftet
Inngang: 150,-
Billettsal: Voss Vandrarheim resepsjon eller online på tikkio.com
https://tikkio.com/tickets/10820-huldrekveld-i-finnesloftet-med-astri-sudmann

Maks kapasitet 60 personar