fbpx

Kari og Svein i Finnesloftet

Etter utseld sommarkonsert i fjor er Duoen "Kari og Svein" tilbake i Finnesloftet 23. august!

Kari Finne Sognnæs er utdanna folkemusikar frå Ole Bull akademiet, og har studert musikk og helse ved norsk musikkhøgskule. Ho har i ei årrekkje trollbunde publikum med sine stev, og saman med trubaduren Svein Are Mørkve har ho halde konsertar både i kyrkjer og barar. Saman spelar dei alt frå melankolske viser til lystige folketonar. Dei som kjem på konsert i finnesloftet vil få oppleva ei kvedarstemme av dei beste, lett gitarklimpring, og herleg tostemt song.

Billettar
Kr. 250,-. Finnesloftet har 60 plassar, så her er det lurt å tinge billett på www.tikkio.com! Førehandssal også på Voss Vandrarheim. Billettsal også i døra (kontant eller vipps) ein halvtime før konsertstart.

Start kvelden på Voss Vandrarheim
Sommarrestauranten til Voss Vandrarheim opnar kl 17.30 og serverer heimelaga mat basert på råvarer frå mellom anna Finnegarden og Selheim. Ring Voss Vandrarheim for å tinge bord.

Arrangør
Voss Vandrarheim, tlf. 56 51 20 17 / 97 59 38 88
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.