Kulturminnedagane 2018 på Lyngheim i Os

Os og omegn lokallag er blant arrangørene av Kulturminnedagane og Kystsogevekene på Lyngheim i Os 8. til 15. september

I Os har vi eit samarbeid mellom Os Sogelag, Fortidsminneforeininga Os og omegn lokallag, Stiftinga Lyngheim/Vener av Lyngheim og Os kommune ved kultureininga om utstilling og arrangement på Lyngheim, under Kulturminnedagane og Kystsogevekene i september.

Temaet for Kulturminnedagane 2018 er "Typisk norsk - ikke bare norsk!". Vi vil med dette presentere det flotte programmet:

Lørdag 08.september kl. 14.00
Opning av utstillinga i Lyngheim ved varaordførar i Os Laila Reiertsen. Veka startar med utstilling av Osrosemåling med arbeid av dei nolevande tradisjonsberarane Hjørdis Juvik og Torunn Rød Farsund og elevar, med nokre av dei historiske førebileta. Utstillinga vil vera open heile veka frå 14.00 til 17.00.

Lørdag 08.september kl. 15.00
Som ein del av kystsogevekene sitt program, vert det foredrag om «Handverksbygda Os» ved Nils Georg Brekke. Filmklipp om treskohandverket i Os presentert av Vidar Bratlund-Mæland.

Søndag 09.september kl. 14.00
Presentasjon av ny strikkedesign, «Osroso», som er utvikla på grunnlag av den tradisjonelle Osrosemålinga av designer Iselin Havseld og prosjektansvarleg Laila Reiertsen. Det vert visning av kolleksjonen for publikum.

Lørdag 15.september kl. 14.00
Verkstad med rosemåling for born ved rosemålar Hjørdis Juvik

Gruppe I - småborn inntil 9 år kl. 14.00 til 14.45 
Gruppe II – born frå 10 – 12 år kl. 15.00 til 15.45. 
Sal av kaffi og noko å bita i til dei vaksne. 
NB: Påmelding på førehand til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Lørdag 15.september kl. 16.00
Foredrag om «rosemålartradisjonen i eit europeisk perspektiv» ved Nils Georg Brekke. Korte dokumentarfilmar av Stig Tornehäd frå Sverige.

Lyngheim vil vera open kvar dag frå 14.00 til 17.00.

Det vert sal av rosemåla gjenstandar av Torunn Rød Farsund og måla glas av Hjørdis Juvik der dekoren tek utgangspunkt i Os rosa.