fbpx

Urnesmedaljen er tildelt Nils Georg Brekke

Nils Georg Brekke mottok 11. august foreningens offisielle hederstegn for sin årelange og omfattende innsats for norsk kulturminnevern.

Hedersbevisingen ble overrakt av Fortidsminneforeningens styreleder Margrethe C. Stang lørdag 11. august under et arrangement på Lyngheim utenfor Os i Hordaland. Etableringen av Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim er det siste i en lang rekke prosjekt Brekke har vært initiativtaker til og pådriver for. Lokalt har han også vært involvert i etableringen av Oselvarverkstaden ved Oselva, i dag på UNESCOs liste over immateriel verdensarv, og bevaringen av anlegget Os stasjon. 

Urnesmedaljen copyUrnesmedaljen ble innstiftet i 1965 som Fortidsminneforeningens offisielle hederstegn. Medaljen kan tildeles norske borgere for fortjenstfullt vern om norske fortidsminnesmerker. Medaljen kan også tildeles utlendinger som har gagnet fortidsvernets sak i Norge.Tilrådingen ble sendt hovedstyret av Os og omegn lokallag ved leder Ingebjørg Engel Astrup.

Professor emeritus Nils Georg Brekke er en nestor innenfor kulturminnearbeidet med aktivitet både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I argumentene for å tildele ham Urnesmedaljen, heter det: 

"Nils Georg Brekke har gjort eit omfattande arbeid når det gjeld kulturbevaring og kulturformidling både innanfor sitt formelle yrke og ikkje minst på det frivillige feltet. Han har arbeidd tverrvitskapleg i fleire av prosjekta, og tydeleg synt vinsten av ein slik arbeidsmåte. Slik har han gjort det tverrfaglege til ein realitet og ikkje berre til eit honnørord i akademia. Han har knytt band mellom Universitetet i Bergen og den regionale kulturminneforvaltninga. Han evnar å sjå det store bilete og dei lange linene i dei ulike prosjekta og tiltaka som han har initiert, og er ein framifrå formidlar både munnleg og skriftleg. Nils Georg Brekke har fått Meltzerprisen for 2009 for sine 40 år med banebrytande formidlingsinnsats innan eit vidt felt av kulturhistorie og kulturlandskap. Han held forelesningar i fora for personar med spesialkompetanse og for lekfolk med ei interesse for fagfeltet, og er såleis ein skatta formidlar både i internasjonale fagfora og hos lokale lag. Når han deler av sin store fagkunnskap, syner han også ei stor formidlingsglede og driv god folkeopplysning. Nils Georg Brekke evnar å skapa engasjement for fag og prosjekt, både i høve til formelle samarbeidspartar og andre medarbeidarar har han ei evne til å begeistra og til å knyta til seg menneske med innsatsvilje og gjennomføringsevne slik at dei store visjonane vert realiserte."

Vern gjennom bruk

"Nils Georg Brekke har vore i front når det gjeld nytenking på områda han har ivra for - som byggeskikk og bygningsvern, kulturlandskap, handverk og folkekunst. Han var tidleg ute og lanserte tanken om vern gjennom bruk, noko som han samarbeidde med fleire i Norsk Kulturarv om, og som i dag har blitt eit sentralt omgrep i det offentlege kulturminnevernet. Det same gjeld for dei immaterielle kulturminna, som no er i fokus i den statlege politikken. Visjonane for både Havråtunet, Oselvarverkstaden og Lyngheisenteret er grunna på ønsket om å ta vare på den handlingsborne kunnskapen før den forsvinn. Det gjeld både handverket, materialkunnskapen og bruken av reiskap og verktøy i utøvinga av arbeidet. Det krev særlege tiltak og tilrettelegging for å ivareta dette for ei vidareføring til nye generasjonar. Det fell saman med eit av satsingsområda til Fortidsminneforeininga.

Gjennom det lokale prosjektet kalla «Strandstaden Os» var det fokus på særtrekk ved kommunesenteret vårt som var viktig å ta vare på. Å sikra bygging av oselvarbåten og ivaretaking av Os stasjon på eit historisk grunnlag, var prioriterte tiltak for arbeidet i gruppa som starta som ei frivillig gruppe, og som etter kvart vart knytt til kommuneforvaltninga.

dji 0128nyFor å ta vare på handverket ved å byggja båtar og utdanna nye båtbyggjarar, vart Oselvarverkstaden etablert ved Oselva med eit fagleg og økonomisk grunnlag for dei siste aktive båtbyggjarane i Os Båtbyggjarlag. Tiltaket er blitt ein suksess, og verkstaden er i dag eit nasjonalt kompetansemiljø for småbåtbygging, og er medlem av det internasjonale nettverket kalla Economusèe. Bygging av oselvaren og nettverket rundt Oselvarverkstaden kom på UNESCO si liste for god praksis for ivaretaking av slik kunnskap, som det einaste nordeuropeiske tiltaket som fekk denne ærefulle utmerkinga i 2016.

Eit av dei siste prosjekta som Nils Georg Brekke har vore initiativtakar til og pådrivar for, er Stiftinga Det historiske tunet på Lyngheim med etablering av eit historisk tun i det kommunale friluftsområdet på Lyngheim nær Os sentrum. Kjernen i tunet er ei innhaldsrik lemstove frå garden Tveit i Hegglandsdalen, som er flytt til Lyngheim og attreist der. Lemstova er ein utlaupar av langhustradisjonen frå vikingtid og mellomalder med vedhus, stove, eldhus, bu, sval og loft bygt i eitt. Tunet vart offisielt opna av fylkeskonservator i Hordaland Per Morten Ekerhovd i august 2014, og Lyngheimparken vart opna den 8. juni 2017 av ordførar Marie Lunde Bruarøy.

last ned

Fra statuttene for Urnesmedaljen

  1. Foreningen til norske Fortidsminnesmerkers Bevaring har 17. september 1965 innstiftet Urnesmedaljen som sitt offisielle hederstegn.
  2. Urnesmedaljen utdeles av Foreningens representantskap eller av direksjonen med samtykke av representantskapets ordfører.
  3. Urnesmedaljen kan tildeles norske borgere for fortjenstfullt vern om norske fortidsminnesmerker. Medaljen kan også tildeles utlendinger som har gagnet fortidsvernets sak i Norge.
  4. Urnesmedaljen preges i sølv og har form som et skjold med avrundet underkant. Aversen har som motiv et løveformet dyr med mannshode og øks, hentet fra ett av Urneskirkens kapitéler. På reversen graveres den dekorertes navn og dato for tildelingen. Ordensbåndet er mellomblått.
  5. Med tildelingen følger også en miniatyr uten gravering.

IMG 0398