fbpx

AVLYST: Kurs for fagfolk i nevertekking - På Gåsøy

Inntil 10 deltakarar til eit kurs for fagfolk i tradisjonell nevertekking.

Vi inviterer inntil 10 deltakarar til eit kurs for fagfolk i tradisjonell nevertekking på Gåsøy i Sandøy kommune. På øya som bare kan nåast med privat båt (ikkje ferjesamband), er der to små bruk frå 1800-tallet. 
Kurset er en del av Kulturminner for alle sine tilskuddsprosjekter, les mer om Kystløetak

Låven på biletet skal få nevertekking på heile taket.
Kurset er organisert av Fortidsminneforeningen og eigaren av løa og handverkar Johan Vasstrand. 
Kursleiar er Kåre Løvoll
Kursdeltakarane vil få vere med å leggje never på taket og å skjere torv og leggje oppå. 

Vi har nokre ledige plassar på kurset, og plass til nokre frivillige som kan hjelpe til med andre praktiske 
gjeremål. 

Øya kan ein nå frå Ålesund (bil til Brattvåg, ferje til Harøya og bil til Finnøy) eller frå Molde (ferje til Gossa, og ferje derifrå til Finnøy). Deltakarane blir så henta med privat båt frå Finnøy. 
Kurset er gratis, og føremålet er å styrke gamle handverkstradisjonar ved vedlikehald av gamle hus. 
Der er bare 1 hus, så nokon må kanskje bu i telt eller liggje i løa, ein kan også få plass i lavvo, eller overnatte på Finnøy Havstuer. Deltakarane må halde sin eigen kost, men vi legg opp til fellesmåltid med varm mat.

Program: 
31.8 – Folk kjem, felles middag i 19-tida
1.9 - Kurs og praksis 9.00 - 18.00.
Fellesmiddag
2.9 - Kurs og praksis 9.00 - 15.00

Interessert? Påmelding!
Kontakt oss på e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. for meir informasjon
Alternativt: Martin 400 59 962, eller Johann