fbpx

Nærøy gamle kyrkje mista ein vegg

For ei knapp veke sidan raste veggen ut på mellomalderkyrkja på Nærøy i Nord-Trøndelag. Her gjer tidligarere fylkeskonservator Kolbein Dale ein gjennomgong av kyrkja si historie.

På grunn av alderen til kyrkja er det Riksantikvaren som no må setja ho i stand.

I 1847 brann Nærøy kyrkje for 3. gong. Dei to gongene ho brann på 1700-talet vart ho snart sett i stand att, men denne gongen vart kyrkjestaden flytt til Lundring. Det var ikkje lenger like tenleg å ha kyrkja på ei øy. Dermed vart den gamle mellomalderkyrkja ståand som ruin til til nytt tak kom på plass i 1960. For å lage fundament for det nye tårnet vart murverket vølt og mura opp slik at det vart muleg å bygge opp eit tretårn oppe på murane.

Den eldste skriftlege kjelda om kyrkja er frå 1597, bortimot eit halvt årtusen etter at grunnsteinen vart lagt ned. Den kunnskapen vi har om kyrkja frå tidlegare tider er lesen ut av sjølve kyrkjebygget  eller ruinen. Alt treverket gjekk med i brannen midt på 1800-talet, det er dermed ikkje muleg å få årringsdatering av denne kyrkja.

Omkring år 1000 var det slutt på førkristen hauglegging av dei døde i denne delen av landet. I landskapslovene kom det inn klare reglar om kristen rett. For Trøndelag finn vi dette i Frostatingslova. Det som står i kristendomsbolken der, er interessant lesnad med tanke på Nærøykyrkja. Namdalen kom med som eige fylket i lovområdet tidleg i mellomalderen, slik at det som står i lova, gjeld også Namdalen. Om kyrkjebygging står det:

«Bøndene skal lata alle menn i fylket byggja fylkeskyrkje og ha det gjort på tolv månader, eller bøta  15 merker til biskopen om ho er av tre. Men om folk vil byggja kyrkje av stein, då skal dei rå som vil det beste og som er klokast, om det er sume som ikkje vil og det er usemje om det».

Det er også straffereglar for dei som ikkje vil vera med på prosjketet.

I kvart av fylka her i Trøndelag var det minst ei fylkeskyrkje i stein. Ei kunne vera fylkeskyrkje og i tillegg kunne det vara ei halvfylkeskyrkje, men her er mønsteret litt mindre klart. I Namdalen var det to fylkeskyrkjer, Nærøykyrkja eldst, truleg påbegynt omkring 1080, Rannemkyrkja i Overhalla, den øvre halva, vart bygd mot slutten av 1100-talet.

I dag er det nesten ein ekspedisjon å koma til Nærøya, men før i tida var det ein sentral stad midt i leia med marknadsplass og i alle fall frå omkring 1600, prestegard. Garden, like ved kyrkja, vart eit kultursentrum, kjent mellom anna fordi Peter Dass budde her i avgjerande barne- og ungdomsår.

Innan jordbruket var prestegarden eit mønsterbruk, tidleg på 1800-talet dreiv presten her nesten like moderne som John Collett på Ullevål. Ei ny stor tid for garden var frå 1907 då tannlege N. B. Herlofsen eigde garden og sette han i stand.

Etter den siste brannen vart Nærøykyrkja ståande som ruin, slik som to av Fortidsminneforeningens kyrkjer her i fylket, Sakshaug og Logtun. Det er ikkje enkelt å ta vare på ein ruin i klimaet her, og etter kvart vart det stort lokalt engasjement for å få tak på kyrkjene og få sett dei i stand. Arbeidet skaut for alvor fart like etter krigen. Nærøy kom i gang tidleg på 1950-talet. Det vart arrangert stemner og samla inn pengar. Under olskokstemnet i 1956 kom det fleire tusen til øya og MS Folla gjekk ekstratur frå Namsos. Arkitekt John Tverdal var tinga som arkitekt for restaureringa. Endeleg til olsok i 1960 var kyrkja under tak og det vart arrangert gudsteneste der for første gong på 113 år.

I desse åra var Fortidsminneforeningen DTA sterkt engasjert i kyrkja, mange oppfatta det slik at det var foreninga som eigde ho. På 1970-talet vart det endeleg avklara at slik var det ikkje, og engasjementet frå Fortidsminneforeninga har ikkje vore særleg synleg etter den tid.

Nærøya gjekk nesten inn i ein dvaletilstand. Den var nye eigaren av prestegarden, han budde i India og forpaktaren viste lite interesse for å halde bygningane i stand. Forfallet var ikkje minst synleg på den staslege og freda hovudbygningen, som etter kvart vart så dårleg at han i 1993 vart teken ned, men slik at dei viktigaste bygningsdelane er tekne vare på.

I 1997 vart Nærøykirkas venner etablert. Etter det har kyrkja mellom anna fått nye dører, golv, benkar, vindauge og altartavle. I 2004 vart det lagt nytt skifertak. Sigrid Blekastad fekk i oppdrag å lage glassmaleri til vindaugo. Det første som var ferdig, var korvindauget mot aust i 2006.

Fylkeskommunen har ikkje hatt nokor formell rolle opp mot mellomalderkyrkjer og ruiner, men prestegarden her var ei uløyseleg oppgåve, og når vi først var der, var det naturleg å sjå innom kyrkja. Sjølv vart eg merksam på svikt i murverket i tårnfoten i 1977 og fotograferte muren då og også den siste gongen eg har vore der, i 2002.

Foto under det øvste bilete:Kolbein Dale