fbpx

Kommunane riv gamle hus

Gamle skular, samfunnshus og bedehus blir rive i Rogaland. Ein viktig del av kulturarven vår er i ferd med å forsvinna, åtvarar Fortidsminneforeningen avdeling Rogaland.

Egersund er ein av dei største trehusbyane i Noreg. Det er berre eit halvt år sidan Egersund var på nippet til å bli «Norges mest attraktive by». I festtalane blir det aldri nemnd at byen manglar ein kulturminneplan. Dei fleste kommunane i Rogaland har skaffa seg ein slik plan, men altså ikkje Egersund. Byen med alle dei flotte gamle husa.

Egersund gløymer kulturminna

- Eg vil på det sterkaste opp­moda Eigersund kommune til å setje i gong, sier Kate Irene J. Syver­sen, seksjonssjef for kultur i fyl­keskommunen, til Stavanger Aftenblad.

Ho får støtte av Kristian Nesvåg i Dalane lokallag av Fortidsminneforening. Han var opprørt då kommunen reiv det gamle sku­lehuset på Stapnes.

- Me er skuffa over at ikkje Ei­gersund kommune varslar oss i saker der verneverdige bygg er involvert. Stapnes skule er ei spesiell sak. Kommunead­ministrasjonen fann den verne­verdig, men rivingsløyve blei gitt etter ei klage. Det blei ikkje utført antikvarisk dokumentasjon, sjølv om dette langt på veg er ru­tine for slike bygg, seier Nesvåg til Aftenbladet. Fortidsminneforeningen er uroa. Utan ein kulturmin­neplan, fryktar dei at hus etter hus skal forsvinna og at folk ikkje skal vakne før det er for seint. Klokkergården på Helle­land er eit dømes, men det finst mange fleire. Skulestova på Stapnes blei rive før ferien. Folkets Hus er jamna med jor­da. Fleire bedehus på Eigerøy er borte.

- Det er dette me fryktar. Nå forsvinn dei gamle forsam­lingshusa, men sidan det skjer enkeltvis, er det få som re­agerer, seier Gro Lavold, styrele­iar i Fortidsminneforeningen.

Spekulativt forfall

Den gamle skulestova på Stap­nes er eit godt døme på dette. Kom­munen lot den forfalla. Slik blei det eit godt argument at den var i for dårleg stand til at ein kunne ta vare på den. Spekulativt forfall kan ein kalla det. Skulestova var for dår­leg til å bli brukt. 23. mai blei den difor rive. Då hadde kultur­seksjonen i fylkeskommunen sagt klart i frå om at Eigersund ikkje burde riva skulestova.

- Me meiner kommunane gjer for lite for at lag- og foreiningar kan ta i bruk desse husa, seier Gro Lavold til Aftenbladet. Ho vil ha fylkes­kommunen på banen for å få samla slike kulturminne i ein oversikt. Kate Irene J. Syversen i fylkeskommunen sender bal­len vidare til kommunane.