fbpx

Kurs: Den lokale stavkonstruksjonen

Bli med å reisa ei stavløe - og samstundes få kunnskap om tradisjonshandverk og restaurering!

Fortidsminneforeningen i Ryfylke har sett i gong eit prosjekt for å få reist stavløa på Håheller i Lysefjorden. I den samanheng inviterer me handverkarar og andre interesserte til kurs i den lokale stavkonstruksjonen.

Kurset er praktisk retta der kursobjektet er ei gamal stavløe som skal restaurerast for oppsetting på gamle tufter på Håheller i Lysefjorden. Kurset er delt i to deler.

Kurs del 1     |     haust 2018     |     Stad: Heia

Kurset vil omfatta dokumentasjon, tilstandsvurdering og tiltak ut i frå antikvariske retningsliner, tilvirking av stokkar og kopiering av delar som skal erstattast, verktøybruk og behandling av verktøy. Kurset vil gå føre seg på Heia (mellom Tau og Jørpeland).

Kurs del 2     |     mai - oktober 2019     |     Stad: Håheller

Kurset i 2019 vil omfatta reising av løa på Håheller, tekking og kledning. 

Praktisk info

Kurset er gratis. Deltakarane har med niste når ikkje anna blir opplyst. Kurset held kaffi. Overnatting for dei som ønskjer i lavo på staden. Ta med handverktøy dersom du har. 

Det vil bli mulig å få meir praksis i tida mellom helgene under leiing av instruktør Jan Gunnar Helmikstøl. Andre instruktørar vil vera: Stian Asheim, Kirsten Hellerdal Fosstveit, Stina Ekelund Erlandsen. 

Påmelding

Har du spørsmål, eller vil du melda deg på? Ta kontakt på epost til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller på mobil til Jan Gunnar Helmikstøl 906 87 120 | Grete Holmboe 480 01 359. 

Bli med på det som passar! Sjå detaljert kursprogram for nærare informasjon om datoar, kursstad m.m.

Facebook-event

Last ned: Last ned detaljert program her.