fbpx

Spanande stavløeprosjekt i Ryfylke

Ryfylke lokallag av Fortidsminneforeningen vil gjenreisa ei stavløe, og samstundes gjenreisa kunnskapen om handverket med eit nytt prosjekt på Heia i Strand kommune.

Fortidsminneforeningen i Ryfylke har sett i gong eit spanande prosjekt for å få reist stavløa på Håheller i Lysefjorden. I den samanheng vert det arrangert kurs i den lokale stavkonstruksjonen for lokale handverkarar og andre interesserte. På denne måten er målet at ikkje berre å få reist ei stavløe, men òg å få reist kunnskapen om handverket og den lokale stavkonstruksjonen.

Prosjektet "Reis løa på Håheller"

Prosjektet tek føre seg rekonstruksjon av løa på Håheller. Det er berre grunnmuren som står etter løa, men det finst mykje god dokumentasjon, mellom anna eldre foto. 

Den opphavelege løa var ei tradisjonell stavløe (grindbygg) som stod på solid tørrmur. Stavløa hadde seks reis (grindar) med lengdeavstiving frå stav til stav. Inne i stavkonstruksjonen var ei lafta fjoskasse. På austveggen var det skut i reisverk. To vindauge i laftekassa, og eit i skuten. Det var teglpanner på taket, og bygget var kledd med ståande kledning (over-/underliggjande, kanta bord i fallande breidder) utan overflatebehandling. Løa var typisk for området (Ryfylke. I Sefrak-registreringa i 1985 er dei ytre måla til løa ført opp. Løa utan skuten er då 19,80 meter lang og 7,20 meter brei. 

Rekonstruksjonen vil byggja på denne fotodokumentasjonen, og på studier av eksisterande grunnmur. På muren vil ein setja opp ei stavløe frå lokalområdet (Tau). Denne løa, som i dag ligg lagra turt med merka bygningsdeler og god dokumentasjon frå demonteringa, vert utgangspunkt for restaureringa. Løa er av same konstruksjon og storleik som den opphavelege løa på Håheller.

Det er stort behov for kompetanseheving i tradisjonelle bygningsfag i vår region. Ryfylkemuseet har i ei årrekke arbeidd med registrering, atterreising og vidareføring av tradisjonelle bygningsfag. Det er difor lagt opp til eit nært samarbeid med Ryfylkemuseet.

Fortidsminneforeningen, lokallag Ryfylke, ønskjer å bruka dette prosjektet til eit praktisk opplæringsprosjekt i følgjande tema:

  • Dokumentasjon – søk etter skriftlege material, lesa fotomateriale, undersøking av restmateriale etter den gamle løa, studie av referanseobjekt – stavkonstruksjon.
  • Restaurering av stavløe (grindbygg)
  • Materialproduksjon
  • Tekking og kledning

Stavkonstruksjonen

Stavhus er ei fellesnemning for ulike variantar av stavkonstruksjonar. I stavhusa har ein alltid parvis stilte stavar. Stavane kan vera bundne saman etter ulike prinsipp.Stavhus er ei fellesnemning for ulike variantar av stavkonstruksjonar. I stavhusa har ein alltid parvis stilte stavar. Stavane kan vera bundne saman etter ulike prinsipp.

Frå Romsdal i nord til og med Ryfylke i sør, finn ein ei eiga utgåve av stavkonstruksjonen som ein lenger nord på Vestlandet, og i litteraturen kallar grind. Jon Godal beskriv denne slik:

Grinda høyrer heime på Vestlandet. Grinda har beten (slindra) liggjande på staven, og felt nedi og gjennom slik at det er eit betehovud på utsida av staven. Staven stikk med eit såkalla stavøyra opp over beten. Stavleggja ligg på beten og er halden fast mellom stavøyra og ein «toll» som står i eit hol i beten. Prinsippet føreset at utoverkrefter frå taket skal takast opp i raftstokken som i grindhuset heiter stavleggje. Grinda er knytt til frittståande stavar bundne med skråband.

I Ryfylke kjenner ein ikkje til begrepet grind, men snakkar berre om stav, stavhus og stavløer.

Bli med på kurs!

Hausten 2018 pågår restaureringsarbeidet på Heia. Alle interesserte er då velkomne til å delta i lengre eller kortare periodar. Det vil òg vera kurshelger med eigne tema og instruktørar. Første kurshelg vert 14.-15. september, med Stian Asheim som instruktør (støtta av Fortidsminneforeningen sitt prosjekt Kulturminner for alle). I tillegg vil det bli arrangert familiedagar der små og store kan læra meir om tradisjonelt bygghandverk. Meir informasjon om kurset finn ein her