fbpx

Vellukka smedsamling

I helga inviterte Ryfylke lokallag av Fortidsminneforeningen til smedsamling hjå Helmik på Heia (Tau i Ryfylke). Folk kom reisande frå heile fylket for å vera med og læra meir om smiing og smedarbeid.

Jan Gunnar «Helmik» Helmikstøl har lenge interessert seg for smiing, og har bygd seg ei velutstyrt smie heime i tunet sitt. Her har han laga mykje fint smedarbeid, mellom anna mange knivar. Denne laurdagen i oktober opna han dørene til smia og stilte som instruktør for nye og gamle smientusiastar. «Helmik» hadde fått med seg to andre med erfaring frå smia, Erik Eidem og Odd Martin Kvalvåg, som òg var instruktørar.

Kjell Johnsen lærar opp Bergit og Anders Johan Tysseland ved essa.Kjell Johnsen lærar opp Bergit og Anders Johan Tysseland ved essa.

I tillegg til stilte Kjell Johnsen frå Ryfylkemuseet og Ted Jonny Taraldsen frå Jærmuseet med smikompetanse og kvar si feltesse. Deltakarane delte seg i grupper rundt essene og hamra spikrar, sauebjøller og krokar. Inne i smia kunne ein prøva seg på å smi knivblad. Nokre av deltakarane hadde prøvd seg på dette før, medan mange gjorde dette for første gong.

Anja Christiansen smir vikinginspirert kvinnekniv.

Over: Anja Christiansen smir vikinginspirert kvinnekniv.

Ted Jonny Taraldsen frå Jærmuseet 

Over: Ted Jonny Taraldsen frå Jærmuseet.


Mat og prat

Leiar i Ryfylke lokallag av Fortidsminneforeningen, Grete Holmboe, var den som ønskte velkomen og som leia samlinga. Ho var oppteken av å få fram at dette var ei samling, og ikkje eit kurs. Erfaringane kan gå på kryss og tvers, og her kan ein ha noko å læra av kvarandre. Det skal vera ei samling for å utveksla erfaringar, tips og triks.

Praten går godt rundt bordet!Praten går lett rundt matbordet.

På slike samlingar er det sosiale mest like viktig, og det må vera tid til mat og prat. Grete stilte med heimelaga tomatsuppe, og til kaffien vart det servert bakst.

Kaffikokar Grete

Over: Grete Holmboe er kaffikokar og leiar i Ryfylke lokallag.


Stor interesse

Smedsamlinga var fullteikna lenge før påmeldingsfristen, og det var fleire som gjerne ville vore med som diverre ikkje fekk plass. Det er altså stor interesse for smiing i Rogaland! Det er godt nytt, og inspirerer til å arrangera fleire slike samlingar. Tilbakemeldinga frå deltakarane på smedsamlinga i helga tydar på det same: Me må samlast igjen!

Heile gjengen samla framføre feltesseneOver: Her er så godt som heile gjengen samla.

Sjå fleire bilete på Ryfylke lokallag si facebook-side