fbpx

Vernepris til Folkets Hus i Sauda

Fortidsminneforeningen feirer i år 175 år. I starten handla foreininga sitt arbeid om å redda stavkyrkjene. Kva passar då betre i jubileumsåret enn å gi pris til «arbeiderbevegelsens stavkirke»?

Frank Aarebrot

Frank Aarebrot brukte nemninga "arbeiderbevegelsens stavkirke" om Folkets Hus i Sauda i sitt foredrag på NRK.

Grunngjeving for verneprisen

Diplomhuskomiteen i Fortidsminneforeningen Rogaland gir verneprisen for 2019 til Folkets Hus. Det gode samarbeidet mellom Sauda fabrikkarbeidarforening, Sauda kommune og Sauda Vekst, med Sparebankstiftelsen Sauda i leiinga, har vist både vilje og evne til å redda Folkets Hus som eit arkitektonisk og kulturhistorisk kulturminne av lokal, regional og nasjonal verdi. Ved alle antikvariske utfordringar har dei søkt råd hjå fagfolk, og spesialoppgåver er utført av kyndige hender.  Ut over det har ein lukkast å føra dugnadsånden frå 1930-talet vidare inn i arbeidet med restaureringsprosessen og på denne måten fått eit kulturhus som bygdafolket har eit forhold til, brukar og viser fram med stoltheit som sitt eige.

Fortidsminneforeningen fyller 175 år i år. Slagordet har vore «vilje til vern». Eldsjelene i Sauda har vist dette gjennom arbeidet med Folkets Hus. Til lukke med prisen!

veggmaleri

Eit av veggmåleria i storesalen.

Historikk

Folkets Hus i Sauda er teikna av arkitekt Gustav Helland og oppført av Sauda fabrikkarbeidarforening i 1931. Bygget blei i stor grad reist på dugnad, og var ein bastion for fabrikkarbeidarforeningen fram til etter 2. verdskrigen. Frå då har bygget vore Sauda sitt kulturhus i vidare forstand.

Huset rommar ein stor festsal med scene. Rundt scena, og på gallerifronten er det veggmaleri utført av kunstnarane Ragnvald Eikeland og Håkon Landa, med skildringar av Sauda i framtida sett gjennom Saudabuen sine auger. Her ein mindre sal i 1.etasje, eige kjøkken og kontor.

Folkets Hus osar av industrihistorie, frå revyoppsettingar, teater, konsertar, debattar, og mange Saudabuar har svinga seg i dansen både i storsalen og på diskotek i litlesalen.

img54

Mange lag og foreiningar har brukt Folkets Hus til arrangement og møte opp gjennom åra. Her er eit bilete av faneberarar i samband med Rogaland Musikkstevne i 1935. Foto: Ryfylkemuseet/DigitaltMuseum

img54

Dugnad, grunnarbeid.

img54

Foto frå feiringa av 25-årsjubileet til fabrikkarbeidarforeningen i storsalen i 1949.

img54

Folkets Hus har vore sentrum for viktige historiske hendingar. Det er ikkje utan grunn at Frank Aarebrot kallar huset "arbeiderbevegelsens stavkirke». Her er bilete frå filmen «Sauda! Streik!», basert på romanen med same namn av Tor Obrestad. Mange scenar er filma i Folkets Hus.

Etter kvart som arbeidstokken minka på Smelteverket, blei det tungt for fabrikkarbeidarforeningen å drifta bygget. Det blei inngått leigeavtale med kommunen som gjekk ut i 2013. Huset tilfredstilte ikkje krava til offentleg bruk, og blei til slutt stengt. Det var særleg brannkrav og sanitærforholda som sette stoppar for verksemda.

Det er gjort mange forsøk på å få til nytt kulturhus i Sauda med utgangspunkt i Folkets Hus, utan at det har lukkast. Men no blei det gjort nytt forsøk. 10. april 2013 vedtok kommunestyret å satsa på Folkets Hus og kjøpa det av Fabrikkarbeidarforeningen for 1 krone.

Vilje til vern

Eigarskapet blei organisert i eit ideelt AS i 2015, med 400 aksjeeigarar, alt frå dei som eig ein aksje til firma som har mange. I tillegg fekk prosjektet diverse støtte, slik at eigenkapitalen blei svært høg.

Den praktiske dugnadstradisjonen blei vidareført i gamle bygget med over 2000 dugnadstimar på Folkets Hus. Alt under kyndig rettleiing. Kvart minste tiltak blei avklart med spesialrådgjevar hos Rogaland fylkeskommune. No er ein i gong med fredingsprosess,  men under rehabiliteringa blei huset behandla som om det alt var freda.

Dei moderne publikumstilpassingane er løyst i nybygg på branntomta att med gamle bygget. Opus Arkitektar vann arkitektkonkurransen. Nybygget har fått ein moderne, underordna form som let Gustav Helland sitt bygg få stå som praktbygg.

AS-et var eit verktøy for å restaurera og oppgradera Folkets Hus, samt reisa tilbygg. I dag er det Sauda kommune ved eining for kultur som driftar bygget.

 

img34

Utsnitt som viser restaureringsarbeida med veggmåleria – før (t.v.) og etter (t.h.).  Foto: Anne Ytterdal / Arkeologisk museum.
img37
Oppslag i lokalavisa Ryfylke om dugnadsarbeidet.
img38
Pussing av dei gamle dørene. Desse dørene var sausa inn i tjukke lag med maling, og målet var å få tilbake dørene til slik dei ein gong hadde vore - mørklaserte slik som brystningen på veggen. For å gjera dette måtte dørene pussast ned – eit tolmodsarbeid. Særskild rundt utskjeringar i speglane i dørene tok dette tid. Foto: LL Ryfylke
img41
Bilete frå prosessen. Til venstre ei ferdig pussa dør. Til høgre murveggen med brystningspanel i Lillesal. Foto: LL Ryfylke
img42
Bilete frå prosessen. Til venstre Storesal. Dei store veggmåleria er dekka til (svarte felt), og vegger og tak er strippa ned. Målet er å koma tilbake til slik salen såg ut då det var ny i 1930-åra. Til høgre er dei flotte foldedørene i Lillesal i ferd med å finna tilbake til sitt opphavelege uttrykk med lasert treverk. Foto: LL Ryfylke

Diplomhuskomiteen 2019

Diplomhuskomiteen har i 2019 hatt desse medlemmene: Grete Holmboe frå Ryfylke lokallag (leiar), Per Christoffer Salvesen frå Dalane lokallag, Jarle Braut frå Jæren lokallag og Lars Tveit frå Haugalandet lokallag.