fbpx

Verneprisen til Feylingsbua

Diplomhusprisen, Fortidsminneforeningen i Rogaland sin vernepris, går i år til Stiftinga Feylingsbua for framifrå bevaring og vern gjennom bruk av Strandgaten 46 i Egersund.

Feylingsbua, slik den ligg ved sjøen langs Strandgaten i Egersund, representerer noko av historia til Egersund som viktig handels- og fiskeristad langt tilbake i tid.

Anlegget består av ei stor sjøbu i tre etasjar, ei mellombu med verkstad, vedbu, fjos og utedo, samt eit bustadhus med kjellar, to fulle etasjar og innreia loftsetasje.

Bygningane dannar saman med nabobygg eit gardsrom med ein trong passasje mot Strandgaten.

Bygningane er oppført i perioden 1879-1890.

Det var Egersund Kystforening som i 1996 tok initiativ til skaffa seg denne unike sjøbruks- og handelseigedomen. Det er Stiftelsen Feylingsbua som eig og driftar anlegget. Styret i stiftinga har representanter frå Eigersund kommune, Dalane Folkemuseum og Egersund Kystforening.

Anlegget blir i dag brukt til selskap, utstillingar og kulturelle arrangement. 

Feylingsbua blei offisielt opna under Forbundet Kysten sitt landsstevne i Egersund i 1999.

Grunngjeving

Stiftinga Feylingsbua får diplom for framifrå bevaring og vern gjennom bruk.

Eigedomen Strandgaten 46 er komplett og utgjer eit samanhengande miljø med handelsbustad mot Strandgaten og sjøbu mot Egersunds indre hamn.

Saman med gardsrom, ishus og fjøs og naboeigedom, gir Feylingsbua eit bilete av den store sildesaltingsperioden og fortida elles.

Frivillige krefter og stor dugnadsinnsats har med dette teke vare på eit byrom som fortel ein viktig del av Egersunds historie.

20181206 191803

Prisvinnarane saman med diplomhuskomiteen og Grete Homboe, leiar for Fortidsminneforeningen avd. Rogaland.

Diplomhus

Diplomhusprisen er Rogaland sin vernepris og blir delt ut årleg av Fortidsminneforeningen. Prisen er finansiert av Fortidsminneforeningens Antikvariske Vernefond.

Prisen har vore delt ut til både etterkrigshus og eldre hus, til gardshus, bustader og næringsbygg, til trebygningar og murbygningar. Det er altså mykje som kan vera eit diplomhus. Både private huseigarar og offentlege institusjonar (og kommunar) kan motta prisen. Eit mål med prisen er å gi honnør til gode huseigarar, og samstundes peika på gode eksempel som kan vera til inspirasjon for andre.

Diplomhuskomiteen går gjennom innkomne forslag og velgjer ein vinnar mellom desse. Komiteen er sett saman av representantar frå kvart lokallag, utanom Stavanger som har eigen vernepris. Årets komité er sett saman slik:

  • Kirsten Hellerdal Fosstveit, Ryfylke lokallag
  • Lars Tveit, Haugalandet lokallag
  • Jarle Braut, Jæren lokallag
  • Per Chr. Salvesen, Dalane lokallag

Diplomhuskomiteen gratulerar med vel fortent diplom.