fbpx

Afternoon Tea i Lillingstonheimen i Fjaler

Opplev foreininga sin flotte eigedom Lillingstonheimen i Tysse i Fjaler søndag 28. juli.

I høve Fortidsminneforeningen sitt 175-årsjubileum inviterast det til uformelt teselskap inspirert av tradisjonsrik "Afternoon Tea" i Lillingtonheimen på Tysse. Til teen serverast smørbrød, scones og småkaker, og vi vonar at nettopp du vil bidra til god stemning i historiske omgjevnadar. Velkomen!

Jubileumspris per person: 175,-

Søndag 28. juli kl. 15.00-17.00

Lillingstonheimen har namnet sitt etter den engelske overklassefamilien Lillingston som budde her frå 1880 til 1968. Les meir om historia til eigedomen her