fbpx

Rekordtidleg sesongstart ved Borgund stavkyrkje

Med våren kjem turistane, og snart kan både dei og fastbuande nyte den historiske stavkyrkja. Borgund opnar allereie 16. april og ynskjer velkomen til ny sommarsesong.

Det er vakkert på Borgund på vårparten. Det er heller ikkje masse folk, so du får kjenne lukta av gamalt treverk i ro og fred. Og tar du turen til Borgund, so må du ta deg tid til ein tur på Kongevegen over Filefjell!

Tvillingkyrkjene Borgund stavkyrkje (1180) og Borgund nye kyrkje (1868)

Også den «nye» kyrkja på Borgund vert ope for alle som har billett til stavkyrkja, frå ca 1. juni til slutten av august i sommar.Borgund nye kyrkje er 150 år i år og bursdagen skal feirast med mange arrangement i sommar. Her er nokre av dei;

29.07 – Olsokgudsteneste kl 18. Startar med Pilegrimsvandring og avsluttar med kyrkjekaffi i besøkssentret.

02.09 – Jubileumsgudsteneste med musikalske innslag

Juli – august Kyrkjehistorisk utstilling i kyrkja