fbpx

Jubileumskonsert i Hove steinkyrkje

Velkomen til jubileumskonsert med Helga Farestveit i Hove kyrkje laurdag 8. juni.

Fortidsminneforeininga feier i år sine 175 år i kulturminnevernet si teneste, og inviterer til jubileumskonsert i Hove kyrkje. Songarinna Helga Farestveit er nyleg heimkomen frå studieopphald i Roma og Berlin, og vil dela med publikum musikken som ho møtte på sin veg. Musikar og kantor Sverre Volle akkompagnerer. Gå ikkje glipp av ein tonerik og stemningsfull junikveld i steinkyrkja på Hove.

Arrangør er Fortidsminneforeininga sitt lokallag i Sogn, i samarbeid med Gamalostfestivalen.

Helga Farestveit: «Musikken på min veg»

Dato: Laurdag 8. juni

Kveldskonsert 2100

Midnattskonsert 2300

Billettpris: Kr 250, i salg på Vik Meieri, Ostebaren frå 1. juni. Salg av ledige plassar ved inngangen før konsertane.

 

Torgbod med handverkarar

Same dag er det Jubileumstorgbod  på Vikøyri på dagtid, med informasjon og vervemateriell, og to handverkarar som demonstrerer restaurering av gamle vindauger. Velkomen innom!

FMF JUB GULL TEKST copy copy copy copy copy copy copy copy copy copy