Kurs i Linoljemaling Nærøyfjorden

Har du interesse for overflatebehandling av hus - eller går du kanskje med planar om maling av hus?

Meld deg på KURS I LINOLJEMALING på Bakka ved Nærøyfjorden første helga i mai. Her får du lære om teoriar og prinsipp for linoljemaling, å lage linoljemaling sjølv, om forarbeid og verktøy, og historikk. Hovudvekt er på utvendig linoljemaling, men ein kjem og inn på innvendig linoljemaling – og om det er interesse for det, kan ein og få lære å lage komposisjonsmaling til utvendig bruk.

Dato og klokkeslett:
05. mai kl. 18.00-20.00
06. mai kl. 09.00-17.00
07. mai kl. 10.00-15.00

Kursinstruktør er malermester Knut Øystein Bakken, som har lang erfaring med tradisjonelle malingstypar og historiske maleteknikkar.

Kurslokalitet:
Skulehuset på Bakka, Nærøyfjorden
i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap

Kursavgift inkl. inkl. lunsj og kaffe/te og frukt alle kursdagane
- 2500,- for ordinære deltakarar
- 1800,- for skuleelevar og studentar

For meir informasjon og påmelding:
kontakt Gry i Verdsarvparken innan 30. april
– tlf. 95 14 14 38 eller e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Kursarrangør:
Nærøyfjorden Verdsarvpark, i samarbeid med Bakka Grendalag.

Det blir høve til å delta på ei omsyning på Bakka, for dei som måtte ynskje det, anten laurdagen eller søndagen etter kurset.