fbpx

Markering av verdsarven Urnes stavkyrkje

Urnes var den første norske innskrivinga på UNESCO si verdsarvliste, i saman med Bryggen i Bergen i 1979. Markering 22. juni.

Urnes var den første norske innskrivinga på UNESCO si verdsarvliste, i saman med Bryggen i Bergen i 1979. I høve jubileet, skal to nye verdsarvplakettar verte avduka ved kyrkja. Representantar frå det offentlege vil vere til stades, og tale i høve avdukinga og jubileet.

40-års markeringa til verdsarven Urnes fell saman med 175-års jubileet til Fortidsminneforeningen. Etter avdukinga av plakettane, vert det omvising i Urnes stavkyrkje med styreleiar i Fortidsminneforeningen Margrethe Stang og postdoktor ved NTNU Margrete Syrstad Andås. I det UNESCO-finansierte forskings- og  formidlingsprosjekt «Revisiting Urnes», eller «Urnesprosjektet» har norske og internasjonale forskarar bidrege med nye perspektiv på den eineståande stavkyrkjedekoren i Urnes. Det vert også kunstneriske innslag. Etter arrangementet vert det lunsj til alle frammøtte

Kontakt:https://fortidsminneforeningen.no/avdelinger/indre-sogn

  • E-post:Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

 FMF JUB GULL TEKST copy copy copy copy copy copy copy copy copy copy