fbpx

Praktisk kurs i komposisjonsmåling i Lærdal laurdag 23.7

Lær å koka rimeleg og god tradisjonsmåling til uthuset ditt...!

Me har fått to erfarne bygningsvernarar til Sogn for å læra oss korleis vi blandar, kokar og målar med komposisjonsmåling. Kurset vil gje teoretisk og praktisk innføring i ei spennande måling som har røter tilbake til 1600-talet.  Målet er at kvar deltakar etter kurset skal kunne vurdera ulike oppskrifter, blanda og påføra si eiga måling.

Cathrine Rasmussen er kunsthandverkar og tidlegare høgskulelektor. Vegard Røhme er handverkar og sivilarkitekt. Begge har lang erfaring med komposisjonsmåling og ymse former for bygningsvern i teori og praksis, men det er fyrste gong dei to held kurs i lag. 

Komposisjonsmåling er svært rimeleg og var den dominerande målingstypen på uthus som sjøbuer, låvebygg og stabbur fram til 1950-talet.  Tradisjonelt har målinga vore kokt av jarn- eller sinksulfat, rugmjøl og pigment. Ulike landsdelar har hatt ulike oppskriftar. I nyare tid har ein gjerne nytta forsterking med noko olje.

Kursdeltakarane får innføring i prinsippa for blanding av ulike komponenter. Dei får vera med på både koking og påføring av målinga - og må kle seg deretter. Det er ikkje naudsynt med førehandskunnskap eller erfaring. Alt materiell finst på staden, så de treng berre ta med ei notisbok og blyant. 

Velkomen til alle med interesse for gamle hus, overflatebehandling og tradisjon. Tal deltakarar er avgrensa til 30. 

Kurset vert halde på garden Hauge i Lærdal, der ein vegg på det gamle fjøset no i sommar vert nypanelt med malmfuru. Hauge ligg omlag to km forbi sjukehuset. Adressa er Moldasida 149, 6887 Lærdal. Det vert sett opp skilt med parkeringsanvisning.

Kursavgifta på kr 500 inkluderer enkel lunsj og kaffe/te.

Påmelding til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller tlf 57678840.

Last ned: Malingskurs plakat A3