fbpx

Skjemmande for Hove kyrkje- klage på vedtak om despensasjon

Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane klager på eit vedtak av Riksantikvaren om dispensasjon frå kulturminnelova i ei sak om eit nytt fjøs ved Hove steinkyrkje i Vik i Sogn.

Vi viser til brev frå Riksantikvaren til Pridla samdrift DA av 06.07.2017  med vedtak om løyve  til  å  setje  opp  nytt  samdriftsfjøs  på gnr.  26,  bnr.  23,  nær den automatisk  freda  Hove steinkyrkje i Vik kommune. Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane vil med dette klage på vedtaket  om  dispensasjon  frå kulturminnelova.

Med tilvising til forvaltningslova § 42, set vi innleiingsvis fram krav overfor Riksantikvaren om at Fortidsminneforeninga si klage vert gitt utsetjande verknad inntil klagen er avgjort.

Primært vil foreninga Riksantikvaren til å opprette mellombels fredning av området inntil saka har funne si løysing.

Fortidsminneforeninga har fått innsyn i Riksantikvaren sin dialog med lokal planrnynde, Vik kommune. Vi saknar eit større kulturminnefagleg engasjement frå lokale styresmakter si side, og stiller spøfsmål om Riksantikvaren har gått inn i reelle drøftingar og sett krav om endringar i prosessen som kunne gitt eit forsvarleg utfall i denne saka.. LAST NED PDF OG LES HEILE SAKA

Les om Hove steinkyrkje

Last ned: Klage pa vedtak om dispensasjon til samdriftsfjos Hove 16.08.17