Stavkyrkjene våre – riving, bruk og vern : Fortidsminnevernet i fortid og notid

Høyr om arbeidet med å redda og bevara stavkyrkjene på 1800-talet, men òg om aktuelle problemstillingar i dagens fortidsminnevern

Torsdag 20. april kl. 19 bør alle som er interesserte i stavkyrkjer og fortidsminnevern ta turen til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupanger. Der kan vi høyra to kvinner som ut frå kvar sin ståstad set søkelys fortidsminnevernet både i fortid og notid.  Sine Bjordal vil i sitt føredrag ta for seg debatten som låg bak arbeidet med å redda og bevara stavkyrkjene på 1800-talet. Bjordal er stipendiat i kulturhistorie ved Universitetet i Oslo og arbeider med ei avhandling som har særleg fokus på stavkyrkjene i Sogn. Var bevaringa av stavkyrkjene resultat av innsatsen til ein nasjonal kulturelite med nasjonalromantiske holdningar, eller deltok både lokale, nasjonale og til dels også internasjonale aktørar i denne debatten?

Kveldens andre føredragshaldar er nytilsett verdsarvkoordinator ved Urnes stavkyrkje, Sofie Klemetzen. Med utgangspunkt i Undredal kyrkje, som er den minste og kanskje mest undervurderte av stavkyrkjene vi har att, vil ho ta for seg aktuelle problemstillingar i dagens fortidsminnevern. Undredal-kyrkja er i aktiv bruk og har utvikla seg etter behova i bygda, men er ho mindre autentisk av den grunn?

Etter føredraga blir det omvising i kyrkjeutstillinga på museet, der ein kan sjå skattar både frå stavkyrkjene og andre gamle kyrkjer i Sogn. Det blir sjølvsagt pause med hellerkaker og andre godbitar i kafeen, og museumsbutikken er også open.

Stavkyrkjekvelden er eit fellesarrangement mellom Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane og De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.  Dei som har årskort på museet har gratis inngang, andre betaler vanleg billett.  

Alle er velkomne til ein spennande kveld om nokre av våre viktigaste kulturminne! 

Last ned: Plakat Stavkyrkjekveld