fbpx

Vi søkjer dagleg leiar for Urnes stavkyrkje og verdsarvsenter

Søknadsfrist 4. februar: Fortidsminneforeninga søkjer etter deg som kan utvikle besøksdrifta ved Urnes stavkyrkje og det komande verdsarvsenteret.

Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane har driftsansvaret for Urnes stavkyrkje og det komande verdsarvsenteret. Dagleg leiar vil få ansvaret for å utvikle drifta innanfor rammene av dei overordna verdsarvverdiane, UNESCO sine retningsliner for verdsarvstader, Fortidsminneforeninga sin museumsstrategi, samt idé og konseptskisse for Urnes verdsarvstad.

Dagleg leiar skal ha ansvar for a) Besøksdrifta ved Urnes stavkyrkje b) Leiing og administrativ drift av nytt verdsarvsenter. Planlegging og utvikling av publikumsretta aktivitetar, formidlingstilbod, virtuelle reiselivsopplevingar og skuleopplegg, kommunikasjon og marknadsføring - for ei gradvis oppbygging fram til eit ferdig verdsarvsenter.

Søkjarar bør ha høgare utdanning (hovudfag/mastergrad) innafor relevant fagområde, t.d. kunsthistorie, historie, etnologi, reiseliv, kulturminne- og naturforvaltning og kulturformidling. Røynsle frå leiing, utviklings- og prosjektarbeid, eller kjennskap til verdsarvarbeid m.v er ein føremon.

Søkjarar må kunne formulere seg godt, både munnleg og skriftleg, og meistre engelsk og gjerne eit framandspråk til.

For å lukkast i stillinga må vedkomande ha gode kommunikasjons- og samarbeidsemner og vere utviklingsorientert, kontaktskapande og strukturert med evne til å arbeide sjølvstendig og i grupper. Dagleg leiar skal samarbeide tett med kollegaer i Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane, museums- og eigedomsavdelinga, verdsarvkoordinatoren og forvaltninga.

Fortidsminneforeninga tilbyr:
Løn etter kvalifikasjonar
Forsikrings- og pensjonsordning
Fleksibel arbeidstid
Kontorstad delt mellom Ornes og Kaupanger

Hjelp til å finne bustad

Søknad vert å sende til:
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane, Skogen, 6854 Kaupanger, innan måndag 4. februar 2019.

For nærare informasjon, kontakt dagleg leiar Jon E Tamnes Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller 57678840

Fortidsminneforeningen er verdens eldste frivillige kulturminneorganisasjon, og har nesten 7000 medlemmer rundt om i landet. Vi arbeider med kulturminnesaker på mange nivåer, både gjennom formidling, politisk arbeide og drift av våre eiendommer. Det er stor aktivitet rundt om i våre 45 lokallag, 17 avdelinger og hovedadministrasjonen i Oslo.

Fortidsminneforeningen eier 40 av de mest verdifulle kulturhistoriske eiendommene i landet, blant annet 8 stavkirker, 10 andre middelalderbyggverk, to gårdsanlegg på Røros og en løkkegård i Oslo. Eiendommene har en betydelig besøksdrift, med 188 500 registrerte besøkende i 2018.