fbpx

Urnesmedaljen til Marit Bøen for 40 års innsats for verdsarven Urnes stavkyrkje

Som nabo til denne nasjonalskatten frå tidleg på 1100-tallet har Marit Bøen vore oppsynskvinne, brannvakt, guide og bidratt til forskning. Tusen takk for ein formidabel innsats!

Ho har hatt tilsyn med verdsarven Urnes stavkyrkje i 40 år: Søndag vart Marit Bøen takka av med Urnesmedaljen.Her er grunngjevinga, formulert av styreleiar Lasse Sælthun og dagleg leiar Jon E.Tamnes i Sogn og Fjordane avdeling:

Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane vil så sterkt me kan oppmode Fortidsminneforeningen om å tildele foreningen sin høgste heider, Urnesmedaljen, til tilsynshavar Marit Bøen ved Urnes stavkyrkje.

Marit Bøen er fødd 8. november 1946, og passerte 72 år i fjor. Ho skal tre av i stillinga den 2. juni 2019, då på dagen 40 år etter at ho tok til som tilsynshavar. 

P6240285 redigert

Marit Bøen har tidlegare motteke heidersnåla frå Fortidsminneforeningen i 1997, i lag med ektemannen Jørgen Bøen. Marit har blitt tildelt H.M.Kongens fortenestemedalje i 2009, for sitt arbeid for stavkyrkja på Ornes, og for langvarig engasjement for kyrkjeleg arbeid i Luster. 

Les intervju med Marit Bøen i Dagens Næringslivs magasin D2 i 2015

Når fylkesavdelinga kjem med denne oppmodinga, så er det sjølvsagt fordi Marit Bøen har halde fram arbeidet sitt for foreninga og stavkyrkja på same imponerande vis i meir enn 22 år etter at ho fekk heidersnåla. 

Me vil særleg trekke fram hennar skarpe observasjonsevne, kombinert med logisk sans og handlekraft. Her er eit døme (sitat frå NRK):

– Det var enkelt gliper som såg ut til bli større og vi såg at ho lente seg meir og meir mot nord. Men i 2009 blei det laga nye murar under grunnstokkar og veggsviller, så etter det har ho hatt det bra, seier ho.

Dermed fekk Urnes si aldeles naudsynte restauring gjennom det nasjonale stavkyrkjeprogrammet, før skadane hadde fått utvikla seg til å bli uopprettelege.

urnesmedalje 2

Den mangeårige tilsynshaveren foran stavkyrkja ho har hatt ansvar for i 40 år.  

Kompromisslaus og observant

Marit er kompromisslaus når det gjeld stavkyrkja, tryggleiken hennar og dei andre store kulturminneverdiane på Ornes. Mellom anna var det Marit som var observant, og i siste augneblink fekk stoppa ei planlagd grøftegraving gjennom tuftene av det gamle fellestunet på Ornes, som vart delvis utflytt i siste halvdel av 1800-talet, då det vart slutt på systemet med teigblanding, og dei mange nyetablerte gardstuna fekk samla jorda og skogen rundt seg, til meir rasjonelle driftseiningar.

I den voldsame heita som prega sommaren 2018, var Marit ute med vasslangen nesten kvar einaste kveld, og dermed reduserte ho brannfaren under dei ekstreme vêrtilhøva. 

I tillegg til å vere tilsynshavar, har Marit hatt ansvaret for omvisarane og formidlingsverksemda ved stavkyrkja. Gjennom hennar 40 år har besøkstalet auka frå ca 3000 i sesongen, og opp til 22 000. Sesongen er utvida frå knappe to, til fem månader. Gjennom å vore så lenge på post, så har ho knytt gode kontakter i reiselivsnæringa, i skulevesenet, kyrkja og hjå frivillige lag og organisasjonar. Ho strekker seg langt for å kunne vise fram stavkyrkja, men alltid innan råmene av at dette er eit Guds hus.

Ikkje berre har Marit Bøen vore oppteke av bevaringa og formidlinga av stavkyrkja og dei andre kulturminneverdiane på Ornes, men også av å hjelpe til med å finne ny kunnskap om stavkyrkjene, og Urnes særskilt.

IMG 3597 copy

Stilt opp for forskarar

Marit har heile tida stilt opp for forskarar som har hatt oppdrag på Ornes. Dette har gjort at ho har fått mykje kunnskap, og ho har òg utfordra forskarane med interessante spørsmål. Ho har passa på mange gamle bygningsdeler frå stavkyrkja, og der har hennar gode hukommelse og logiske sans kome godt med. Fleire gonger har uidentifiserte trebitar blitt systematisert inn i ein større samanheng. Særleg vart samarbeidet med den danske professor Knud J. Krogh særs gjevande for begge. Det resulterte i bokutgjevinga «Urnesstilens kirke» på Pax forlag i 2011. Gjennom Krogh sitt arbeid fekk me for fyrste gong teikningar som illustrerte korleis det føregåande kyrkjebygget var, før ho som står der i dag. Det har vore mykje gjenbruk av bygningsdeler, og Krogh har gjennom sine skisser og teikningar påvist korleis dette kan ha gått føre seg.

Marit Bøen har på mange vis praktisert Fortidsminneforeninga sin museumspolitikk før han vart offisielt vedteken i 2014, ved å sette bevaring, formidling og forsking i sentrum.

Og no som hennar virke gjennom 40 år snart ligg bak oss, så står innsatsen fram som særs betydningsfull og viktig – og Urnesmedaljen vil markere vår takksemd på beste måte.

Lasse Sælthun, styreleiar og Jon E Tamnes, dagleg leder

urnesmedalje 3