fbpx

Vandreseminar om vindaugshistorie på Gamle Lærdalsøyri

Vil du bli med og høyre om vindauge frå ulike tidsperiodar? Om når og kvifor ein bør ta vare på dei gamle vindauga og ulike forhold knytt til istandsetjing?

....og om problemstillingar knytt til det å tilbakeføre til gamle eller originale vindauge? Om innsetting av vindaugskopiar – og kva som eigentleg er ein god kopi?

Då må du bli med på denne vandringa i det flotte bygningsmiljøet på Gamle Lærdalsøyri! 

Det særprega, historiske trehusmiljøet på Gamle Lærdalsøyri er utgangspunktet for eit vandreseminar der desse viktige spørsmåla vil bli kasta lys over av Hallvard Trohaug, arkitekt, kunsthistorikar og tidlegare byantikvar i Lærdal. Trohaug er òg huseigar og næringsdrivande på Gamle Lærdalsøyri, og arbeider no hjå Byantikvaren i Oslo kommune.

Praktisk informasjon:
- oppmøte ved Gamlebanken (Øyragata 11)
- arrangementet er gratis
- etter seminaret kan dei som ynskjer det vere med og ta ein kaffi og ein matbit på "Kort og Godt" i lag med arrangørane (mat og drikke må kvar enkelt betale sjølv)
- spørsmål og påmelding rettast til Gry Mørk, tlf. 95141438 / e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Påmeldingsfrist - 7. mai 2017

NB: Seminaret vert arrangert med atterhald om nok deltakarar.

Arrangørar:
Fortidsminneforeninga Sogn og Fjordane - Indre Sogn lokallag
Nærøyfjorden Verdsarvpark