OPPLEV HOVEMADONNAENS HEIMKOMST 20.-22. MAI 2022

Fagseminar fredag 20. mai - fortsatt plass!

I tre dagar til endes skal det feirast at Hovemadonnaen i nyskapt form kjem attende til mellomalderkyrkja Hove, i Fortidsminneforeininga si eige. Velkomen til «Madonna-helgi» 20.-22. mai - til Maria-fest i vakre Vik i Sogn.

Oppdatert 12. april 2022

BILLETTAR KJØPER DU HER

SJÅ PROGRAMMET FOR HEILE HELGA LENGER NED I TEKSTEN 

Program for fagseminaret 20. mai - last ned!

Hovemadonnaen er ein malt eikeskulptur av Maria med barnet frå litt før 1250. Skulpturen stod i Hove kyrkje fram til ca. 1840 og er no ved Universitetsmuseet i Bergen. Den nærare 800 år gamle og særs vakre og verdige mellomalderskulpturen ber no preg av hundreåras alderdom og står med skader, manglande delar og falma fargar.

Moderne teknologi og eldgammalt handverk

Mellom 2017 og 2020 vart ei ny Hovemadonna forma. Kjernen i det nyskapte kyrkjekunstverket er ei nøyaktig gjengjeving av originalen slik han står i dag. Den nye eikeskulpturen er skoren med utgangspunkt i eit 3D-skann av originalen, men skadane på originalen og dei manglande delane er utbetra på denne nye versjonen. Dette er gjort med utgangspunkt i kunnskapsbaserte vurderingar av korleis dei manglande delane på originalen ein gong kan ha vore utforma.

Ved hjelp av forsking, skanning, treskjering og fargesetting er Hovemadonnaen forma på nytt – attskapt.

Den attskapte Hovemadonnaen kan du no og fram til slutten av april 2022 sjå utstilt ved Universitetsmuseet i Bergen, der originalen også er å sjå. I mai 2022 vert så den nye versjonen overført til Hove kyrkje, med høveleg markering: 

BILLETTAR KJØPER DU HER

Eller søk på "Madonnahelgi" i Hoopla.

PROGRAM

FREDAG 20. MAI

Blix hotell kl. 09.00-16.00: «Hovemadonnaen. Original og gjenskaping».

LAST NED SEMINARPROGRAMMET

Populærvitskapleg seminar om Hovemadonnaen og miljøet figuren vart skapt i og fungerte i. Arrangert av Universitetet i Bergen i samarbeid med Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane avdeling. Inngang: kr 325 inkl. kaffi/te/frukt. Kr 675 inkl. varm lunsj.

Konsert i Hove kyrkje kl. 19.00:  «Velkomen heim!»

Overleveringsseremoni ved Hovemadonnakomiteen, og konsert  med m.a. songarane Kari Malmanger og Sivert Almås Jullumstrø, damekoret Gygrene, Ragnar Hove, Mathilde Skjæret (hardingfele) og Anders Vassli Brekke (orgel). Inngang: kr 275.

Konsert i Hove kyrkje kl. 21.00: «Velkomen heim!»

Skumringskonsert  med utvida versjon av konserten kl. 19.00. Inngang: kr 275.

 

LAURDAG 21. MAI

Lokalhistorisk kafé på Blix hotell kl. 11:30 – 13.00

Kåseri av Anna Elisa Tryti, historikar og prosjektdirektør i Vestland fylkeskommune: «Kyrkjer og religiøst liv då Maria frå Hove møtte vikjene for om lag 800 år sidan». Gratis inngang.

Nysteikte vafler og kaffi kan kjøpast for 80 kr. Betaling til hotellet. Arrangør: Vik historielag i samarbeid med Sogn lokallag av Fortidsminneforeininga.

Konsert med tingingsverk i Hove kyrkje kl.18.00 og 20.00: «Maria Møy»

Kveldskonsert med Maria-musikk, m.a. med urframføring av tingingsverket «Maria Møy. Himmelsk dronning og jordnær mor» av komponist Ørjan Matre. Medverkande: Berit Opheim (song), Birgitta Elisa Oftestad (cello), Anders Vassli Brekke (orgel), og kvinnekoret Schola Solensis (gregoriansk song). Inngang: kr 275.

 

SUNDAG 22. MAI

Festgudsteneste i Hove kyrkje kl. 12.00: «Til Guds ære!» Økumenisk festgudsteneste i Hove kyrkje, og med plassar også på kyrkjegarden. Arrangør: Kyrkja i Vik i samarbeid med Fortidsminneforeininga. Gratis inngang.

Konsert i Hove kyrkje kl. 17.00  «Lova Lova Line»

Maria-legender og folkemusikk Konsert med Mari Askvik (song), Kari Malmanger (song og indisk harmonium), Kjersti Morland (song og forteljing), Ingrid Askvik (regi) Inngang: kr 275.

Anna å oppleve i Vik under Madonnahelgi (gratis inngang):

  • Utstillinga «Gjenskaping – Hovemadonnaen i ny form», laga av Universitetsmuseet i Bergen
  • Utstilling av dåpskjolar frå 1800-talet og fram til i dag. Vik Kyrkje. Opningstider: Fre: 16-18. Laur: 13-17. Sun: 13-15  
    Arr.: Vik Husflidslag
  • Hopperstad stavkyrkje. Opningstider: kl.10 -17 alle dagar. Billettsal i porten.
    Kr 80 for vaksne, kr 60 for born/studentar. Gratis inngang for medlemer i Fortidsminneforeininga

Hovudarrangør for Madonnahelgi i Vik er Fortidsminneforeininga. Medarrangørar er Universitetet i Bergen, Kyrkja i Vik, Vik historielag og Vik Husflidslag. Arrangør for konsertar i programmet er Fortidsminneforeininga.

Me takkar velvillige gjevarar for støtte til festdagane: Norsk Kulturråd, Vestland fylkeskommune, Bendixens fond - Universitetet i Bergen, Opplysningsvesenets fond, Vik kommune, Sogn Sparebank, Highsoft AS, Accountor Sogn AS, Linn Bad AS.

Førehandssal av billettar på hoopla.no

Ledige billettar i sal ved inngang. Spørsmål om billettar, tlf. 91639648 eller e-post til sognogfjordane@fortidsminneforeningen.no

LES OGSÅ: Hovemadonnaen: Å forma ein mellomalder-skulptur på nytt

Både laurdagen og sundagen vil Hove kyrkje vera opa delar av dagane for dei som vil sjå Hovemadonnaen i kyrkjerommet. Om du ikkje har moglegheit til å ta del i «Madonna-helgi», så får du godt høve til å vitja Hove kyrkje og den gjenskapte Hovemadonnaen utover sommaren 2022.

Ver velkomne til Vik og til «Madonna-helgi» i mai, Maria sin månad!

Les meir om Hovemadonnaen og attskapinga

I mai 2022 kjem ho tilbake til Hove steinkyrkje i Vik i Sogn, der ho skal få den permanente plassen sin ved høgalteret. Rett nok som ein kopi, men for ein kopi! To tiår har det tatt å attskapa Hovemadonnaen frå 1200-talet, takka vere lokalt engasjement, pengeinnsamling og ein kombinasjon av moderne høgteknologi og eldgammalt handverk. Les Alf Tore Hommedal si artikkel om Maria med barnet frå Hove kyrkje og skapingsprosessen av vår tids versjon av den over 750 år gamle originalen.