KAUPANGER STAVKYRKJE

Den lengste stavkyrkja i landet

Kyrkja har blitt bygd om fleire gonger og står no slik ho blei restaurert på 1960-talet, då ho fekk att 1600-talspreget. Mellomalderkonstruksjonen er framleis intakt trass i ombyggingane. Kyrkjerommet gjer eit reinskore og stemningsfullt inntrykk med slanke stavar og bleikna mellomalder- og barokkmåleri på veggane. Sjølv om ho er meir enn 800 år gamal, er kyrkja framleis i bruk som soknekyrkje.
Kyrkjegota 3940, Kaupanger, 6854

Sogndal, Sogn og Fjordane (Vestland)

Fortidsminneforeningen eig ikkje Kaupanger stavkyrkje, men står for omvisingar og turistverksemda.

Ført attende til 1600-talet i 1960-åra. Dendrokronologiske undersøkingar viser at tømmeret i kyrkja blei hogge i 1137/38, og kyrkja blei truleg bygd kort tid etter. Ho har vore restaurert fleire gonger, og på 1800-talet blei kyrkja bygd om etter dei rådande arkitekturideala på den tida, og det blei sett inn ikkje mindre enn 51 nye vindauge. Kyrkja blei òg panelt og måla kvit. Rundt hundre år seinare trengde kyrkja store reparasjonar. Det blei gjort arkeologiske utgravingar, og kyrkja blei restaurert med sikte på å føre henne attende til utsjånaden frå 1600-talet. Denne kyrkja har fleire stavar enn ein har funne i noka anna stavkyrkje. Tjueto stavar ber midtrommet, med 8 stavar på kvar langside og 3 på kvar kortside. Koret har òg eit heva midtrom som blir bore av 4 frittståande stavar. Lite av mellomalderinventaret er bevart. Ein rundskoren boge, truleg frå ein alterbaldakin, utgjer den dekorative opninga mellom midtrommet og koret.

Gåva frå futen. Dekoren og utstyret i kyrkjerommet i dag ber preg av 1600-talet med døypefont, preikestol og altertavle frå 1620- og 1630-åra som var ei gåve frå futen Gjøde Pedersen. Ei minnetavle over futen Gjøde Pedersen og familien hans heng over korbogen.

Opplevingar i området. Fjord, fjell, isbrear, stavkyrkjer, museum, historiske hotell. Det er rikeleg å velje mellom av natur- og kulturopplevingar av ulike slag rundt Noregs lengste fjord: Sognefjorden.

Kjelder: stavechurch.com / Kirker i Norge bind 4 Leif Anker ARFO 2005/ Riksantikvaren/kirker/stavkirker