fbpx

Handverksdag på Sunnmøre Museum

23. juni blir det handverksdag på Sunnmøre Museum

Har du planar om eller er i gang med restaurering av eit eldre hus? Kanskje ei løe eller eit naust? Eller berre generelt nysgjerrig på dei tradisjonelle handverksfaga?

Søndag 23. juni inviterast det til handverksdag i Strandatunet på Sunnmøre Museum, i samarbeid med Fortidsminneforeningen. Her treff du ulike handverkarar med ulike fagretningar og kompetanse. Alt frå muring og tradisjonsmaling til smedarbeid og gipsmaking.

Det vert demonstrasjonar av dei ulike handverka og rikeleg med moglegheiter til både spørsmål og samtale. Alt frå dei tekniske til dei meir praktiske.

Fagkompetanse på høgt nivå
Alle handverkarane har brei erfaring og stor kunnskap innan sitt felt. Mellom anna treff du murar Torgeir Ervik, gipsmakar Peder Alme, tradisjonsmalar Ole Eriksen og Otto Stornes, fagmann på dør- og vindusvern. Også museet sin eigen fagutdanna handverkar, Egil Skarbø, vil vere til stades for spørsmål og rådgjeving.

Jubileumsår
Fortidsminneforeningen feirar 175 år i 2019. Dette vert markert gjennom året over heile landet. Handverksdagane på Sunnmøre Museum er eit av desse arrangementa. Representantar frå foreininga vil også vere til stades denne dagen, med eigen informasjons- og medlemsstand ved Ytterlandstova.