fbpx

Trematerialar til vår eldre bygningsmasse

Jon Bojer Godal, nestor blant tradisjonshandverkarer har sendt eit varselbrev til styresmaktene om kor lite vi tenkjer på å produsere tømmer som egner seg for å setje i stand dei gamle husa våre.

Je er lei ta å reparere reparasjoner. Det er eit hjartesukk frå Einar Engen.  Han arbeider i  Kulturminnefondet. I dag opplever vi litt for ofte at materialar i byggverk som er sette i stand rotnar overraskande fort. Vi ser jamvel at det vi lyt karakterisere som svært god material i ein del tilfell går i veg langt tidlegare enn den originale materialen i byggverka.

Der trematerialar er eksponert for fukt, rotnar dei. Også insekt tek del i nedbrytinga av tre når vilkåra for desse ligg til rette. Kor fort materialane  rotnar er avhengig av ymse omstende: I kor stor grad dei får tørke, i kor stor grad dei er utsett for smitte og av klima på staden. Dertil har kvaliteten på materialen mykje å seia. Fleire faktorar enn alder, mengd kjerneved og skogskjøtsel har noko å seia for kor fort trematerialar rotnar. Dertil er det klart at vi går mot eit råare og varmare klima. Det vil føre med seg at trematerialar blir brotne ned enno fortare.

Enno viktigare enn det har vore, vil det vera å få fram material som står seg mot nedbryting av sopp og insekt. Vi veit ein del av det som skal til.

  • Vi veit at hogsttida har noko å seia. Vinterhogge tømmer held seg betre enn det som er hogge i veksttida. I sær er skilnaden stor når tømmeret blir berkt i skogen. Vinterhogge og berkt held seg betre enn sommarhogge og uberkt.
  • Vi veit at framdriftsteknikkane har ein del å seia. Dei moderne skogsmaskinene reier opp det vi kan kalle såsenger for sopp. Dertil er det mykje etterarbeid på slikt tømmer.
  • Vi veit at vassgått tømmer tek til seg sopp langt seinare enn tømmer som ikkje er vassgått. Både røynsler frå praksis og vitskaplege forsøk utført av Mycoteam syner dette.
  • Vi veit at særd (blæka - flekkberkt) furutømmer tek til seg råte langt seinare enn tømmer som ikkje er flekkberkt på rot. Det vi ikkje har vitskaplege prov på er kor mykje lenger slikt tømmer varer. No er forsøk i gang slik at vi får svar på dette i den næraste framtida.

På dette grunnlaget vil vi rå til at det blir innført tiltak for skogstell og reglar hogst og framdrift av tømmer så vel som for medstell av material som skal nyttast i byggverk av tre som er frå før 1960. Fram til då vart ein stor del av alt tømmer naturleg forynga, vinterhogge og anten fløytt eller lagt i sjø eller vatn før det vart saga. Enno lenger attende ser vi stadig oftare spor etter blæka tømmer i dei gamle husa.

Tiltak vi vil rå til er desse:

  1. Tømmeret skal veljast ut på rot med sikte på å få rett dimensjon og rett kvalitet (alder, kjerneved, densitet, avsmalning , kvistkarakter o s b). Tømmeret skal, så langt det er råd, svara til det tømmeret som byggverket originalt er laga av.
  1. Furutømmer skal blækast minst eitt år og helst tre år før hogst.
  1. Tømmeret skal hoggast manuelt. Felling kan skje med motorsag, medan kvisting helst skal skje med øks (- det sparer for mykje arbeid seinare i byggjeprosessen). Framkøyring bør, så sant det er mogleg, skje på snøføre (- reint tømmer). I eit samla miljøperspektiv er lette framdriftsmiddel, så som hest og snøscooter dei beste. Eigne driftslag for godt bygningstømmer bør såleis utviklast.
  1. Alt tømmer som ikkje er blæka skal vassgåast. Best er det om tømmeret får liggje i rennande vatn eller slik at det bli vaska godt av bølgjer. Vassgåing i salt sjø er best.

Med desse enkle tiltaka vil vi få ein langt meir varig effekt av det arbeidet som blir gjort med istandsetting av våre eldre byggverk. Samfunnet vil spare mykje på at vi slepp å ta opp att restaureringar som er gjorde for mindre enn 20 år sidan. I mange istandsettingar står materialane for mindre enn  15% av samla kostnad. Mykje arbeid er såleis bortkasta.

Vi ser også for oss ei utvikling i retning av at visse område blir skjøtta med sikte på å gjeva eit best mogleg tømmer til bygningsvernet så vel som til nye byggverk som vert utført i samsvar med eldre byggjeskikk (laft, tradisjonelt reisverk, tekking med bord og spon  o s b). Romedal allmenning er godt døme på skogeigar der slikt stell av skogen er i utvikling.

Skog bør skjøttast i eit perspektiv som svarar til eigenskapar hos aktuelle treslag. Her i landet er det gran, furu, eik, bjørk, osp og or som er aktuelle. Desse treslaga har optimale og maksimale eigenskapar knytt til ganske ulik alder. Kortast perspektiv har ora som bør skjøttast i eit 40 års perspektiv. Eika bør på hi sida stellast med i eit 400 års perspektiv. Dei hine treslaga ligg ein stad mellom. Det vi i bygningsteknisk forstand kallar mogen furu er ofte 200 år eller meir, medan grana gjerne skal bli 120 til 150 år. Høg alder på trea tyder at materialen både blir sterkare og meir varig enn material tekne frå tre som er yngre.  Innafor dette tidsspekteret er det mange behov som skal stettast og frå ulike stadium i utviklinga av trea i skogen.

Vi nemner i fleng: sponved, bordved, laftetømmer, never, åsar, sperrer, åsingar, lekter (av heiltre) og skigardstaur. Alt dette er vyrke som trengst for å kunne føre vidare vår gamle bygningskultur.  Alle desse sortimenta krev omtenksamt stell for å kunne nå den typiske kvaliteten som dei skal ha, og dei lyt haustast til rett tid.

Særleg tilrettelagde og stelte område har fått nemninga grøntlager. Om vi ser på desse i eit lengre tidsperspektiv er det heller eit spørsmål om å reservere areal spreidd over heile landet og der skogen frå spire til stortømmer blir skjøtta med sikte på å gi relevant vyrke til bygningsvernet så vel som til byggverk utført i samsvar med lokal byggjeskikk.

Tømmer har ulik karakter alt etter veksestad, klima og jordsmonn. Såleis er det viktig at grøntlager blir utvikla på ulike stader. Tømmeret blir lettare, svakare og mindre varig i kontinentalt klima enn i atlantisk. Det blir lettare, svakare og mindre varig i fjellet enn i låglendet.  Det blir med same årringbreidd lettare på mager jord enn på meir næringsrik.

Det tyder at tømmer til hus i låglende bør haustast i låglende. Om vi tek fjellskog til ei fjordbygd er risikoen for rotning større enn om vi hentar tømmeret i fjordnære strok. Naturleg forynging av lokalt tilpassa proveniens representerer eit breitt tilfang av genar med tilhøyrande breitt tilfang av kvalitetar på tømmer. Dette tilfanget treng vi.

Vi har her i landet ulike kategoriar av eigarskap til skog: allmenningar, statsskogar, store private skogeigarar og gardsskogar.  Alle kan bli aktuelle i samanhengen. At staten stiller sine skogar til rådvelde for bygningsvernet burde vera sjølvsagt. Ikkje minst burde skogane til Opplysningsvesnets fond vera aktuelle.

Vi kan også sjå for oss at så vel bygdeallmenningar som gardskogeigarar vil kunne finne det interessant å utvikle skogane til beste for bygningsvern og tradisjonsbygging. Slikt kan venteleg ordnast gjennom langsiktige avtaler.

 Utgreiingar og tingingar bør koma i gang di tidlegare di betre.

Med venleg helsing,

Steinar Moldal,                    Henning Olstad                      Jon Bojer Godal

(ingeniør og tømrar)       (tradisjonsberar i lafting)          (Skogbrukskandidat   

                                                                                                  og

                                                                                         tradisjonsformidlar)