fbpx
Unike eiendommer - unike opplevelser

Fortidsminneforeningen eier og forvalter 40 nasjonale skatter - fra stavkirker til klosterruiner, fra slott til stabbur, fra gårdsbruk til fyr.

Takk for at du ved å besøke våre eiendommer støtter oss i arbeidet med å vare på kulturarven for alle – for alltid.

Slider

Borgund stavkyrkje ligg i Lærdal i Sogn. Kyrkja er bygd kring år 1180. Ho er svært godt bevart og den mest særmerkte av dei norske stavkyrkjene. Kyrkja er vigsla til apostelen Andreas. Viktige kjenneteikn er den trinnvise oppbyggingen med svalgangar, omgangar, heva midtrom og takryttaren på toppen av sjølve taket og den skjelliknande spontekking av tak og veggar. Konstruksjonen i stavkyrkja er basert på bruk av berande stavar og søyler. Borgund stavkyrkje vart kjøpt av Fortidsminneforeininga i 1877. 

Besøkssenter med utstilling om stavkyrkjene sin innverknad i det religiøse livet i mellomalderen. Her finn ein òg kafé, suvenirbutikk og stellerom.
Det er flott å sykle eller ta buss til Borgund stavkyrkje! Be om bussruter på vår e-post. Borgund er lokalisert rett ved Vindehellavegen, ein del av Kongevegen over Filefjell. Den renoverte historiske vegstrekninga og kulturminnet, Kongevegen over Filefjell, vart òg ein av prisvinnerane av EU-kommisjonen og Europa Nostra sin kulturminnepris for 2017. 

TILLEGGSINFORMASJON

Besøk
Utleie

Sesong

15.04 – 30.09

E-post

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon

+47 57668109

Adresse

Vindhella, 6888 Borgund

Priser

Voksen NOK 90,-
Gruppe (min 15 pers), NOK 80,-
Pensjonist NOK 80,-
Familie NOK 220,-
Student/barn NOK 70,-

Merknader til besøkende

Opningstider: 10.00 –17.00 (11. juni – 21. august: kl. 08.00–20.00).Tinging av omvising for grupper: tlf. 57 66 81 09, e-post: borgund@stavechurch.com