Bakeriet ligger i hjartet av Gamle Lærdalsøyri. Den gamle strandsitjarstaden, med om lag 170 bygningar, er regulert til verneområde.

Bakeriet vart bygd rundt 1880, og var i drift fram til 1950. Huset vart overteke av Fortidsminneforeninga i 1972, og det har i tida etter sporadisk vore brukt i anten nærings- eller publikumssamanhengar.

Om sommaren er Gamlebakeriet startpunktet for daglege omvisningar i den gamle strandsitjarstaden Lærdalsøyri.

TILLEGGSINFORMASJON

Besøk
Utleie