Hestad kapell ligger i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. Kapellet på Hestad vart bygd i 1805, og erstatta ei stavkyrkje som hadde stått sidan mellomalderen. Ifølge segner stod det ei kyrkje på holmen Øyra allereie på 1100-talet, men skriftlege kjelder seier ingenting om eit kyrkjebygg her før i eit paveleg rekneskap frå 1327. "Nybygget" – altså kyrkja frå 1805 - er grovt utført, og ser ut til å ha blitt reist ved dugnadsarbeid i bygdesamfunnet.
Før vegen kom gjekk all trafikk over vatnet eller isen, og kyrkja var sentralt plassert i høve til ferdsla.
Fortidsminneforeninga overtok kapellet i 1917.
Hestad kapell held ope i heile juli månad, og i tillegg kan grupper førehandstinge
omvisingar heile året, òg med vokal song. Kapellet er ei særs romantisk og populær kyrkje å gifte seg i, og dei som ynskjer det kan leige ho til vigselsseremoni. Det vert arrangert tre gudstenester i kapellet gjennom året, og vanlegvis ein konsert i førjulstida.
Tinging av omvisning kan gjerast ved å sende ein e-post til hestad@fortidsminneforeningen.no eller ved å ringe 90 59 09 96 (Åshild Kjelstad Seljesæter) .