Hopperstad-kyrkja blir rekna for å vera ei av dei eldste stavkyrkjene våre, truleg vart ho reist omkring 1130. I sitt lange liv har Hopperstad stavkyrkje opplevt både forfall og ei eventyrleg atterreising.

Ikkje langt frå stavkyrkja ligg Hove kyrkje, bygd i stein omkring 1170. Dei to kyrkjene var gudshus for kvar si kyrkjesokn. I 1877 tok kyrkjelyden i bruk ei ny kyrkje, etter at dei to soknene var samanslegne. Begge dei gamle kyrkjene var no forfalne og framtida uviss. Arkitekt Peter Andreas Blix skulle bli redningsmann for båe kyrkjene. Han kjøpte Hove-kyrkja og restaurerte ho for eigne midlar i åra 1882-88. Fortidsminneforeninga kjøpte stavkyrkja i 1880 for 600 kroner, mot at kommunen fjerna alle tilbygg. Men det fanst ikkje pengar til den krevjande restaureringa. Blix kom med tilbod om midlar og gratis ekspertise. I åra 1885–91 vart kyrkja oppmålt, undersøkt og restaurert. Bortsett frå skipet og koret var kyrkja ribba for det meste, men Blix ville at ho skulle atterreisast i opphavleg prakt. Og han fekk det til, på grunnlag av undersøkingane sine og med tilsvarande stavkyrkjer som førebilete.

Saman med Borgund stavkyrkje framstår ho som den klassiske stavkyrkja, med stokkverk over stokkverk i fleire høgder.Vestportalen som omkransar hovudinngangen i kyrkja, høyrer til det ypparste innan norsk treskurd frå mellomalderen. Motiva er romanske, med ein planteranke som slyngar seg oppover frå gapet av eit udyr nedst på kvar av vangane. Motivet er kjent frå europeisk kunst.

TILLEGGSINFORMASJON

Besøk
Utleie

Sesong

18.05 – 18.09

E-post

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon

57 67 88 40

Adresse

6893 Vik

Priser

Voksne NOK 70,-
Grupper (min 15 pers) NOK 60,-
Pensjonist NOK 60,-
Familie NOK 180,-
Student/barn NOK 50,-

Merknader til besøkende

Åpningstider: 10 – 17 (19.06 – 13.08; 9 – 17)