fbpx

Hove  steinkyrkje er datert til slutten av 1100-talet og er den eldste steinbygningen i Sogn.

Då arkitekt Peter Blix leia restaureringa av Håkonshallen i Bergen, fekk han tilbod om å kjøpe kleberstein frå Hove kyrkja, som skulle rivast. For å hindre dette, kjøpte han kyrkja, og restaurerte ho etter eigne planar og for eigne pengar. Han stilte særs strenge krav til handverket, og gjekk sterkt inn for å føre kyrkja attende til det han oppfatta som mellomaldersk utsjånad. Da Blix døydde i 1901 vart han gravlagd inne i kyrkja.

Kyrkja vart utstyrt med dekorasjonsmåling innvendig, eit dekorasjonsprogram som tydeleg fortel om dei oppfattingar 1800-talskunstnarar og -antikvarar hadde om mellomalderdekor. I dag vil vi kalle det ei parafrase, og meine at det fortel meir om det seine 1800-talet enn om mellomalderen.

Mellomalderkyrkja er ei særs romantisk og populær kyrkje å gifte seg i, og dei som ynskjer det kan leige ho til vigselsseremoni. Det vert vanlegvis arrangert fleire konsertar gjennom året, då det er god akustikk inne i steinkyrkja. 

 Arbeidet med å få skåre ein kopi av Hovemadonnaen pågår hjå Treskjærarverkstaden AS, og ved hjelp av Universitetsmuseet i Bergen så vil kopien av Madonnafiguren bli supplert med dei delane som manglar på originalen. Me er særs takksame for både små og store donasjonar til dette arbeidet. Bankkontonummer 3800.57.40042, eller Vipps-nummer 118016. 

Staten ved Miljøverndepartementet eig kyrkja, men Fortidsminneforeninga forvaltar ho.

 

 

TILLEGGSINFORMASJON

Besøk
Utleie

Sesong

21.06 -15.08

E-post

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon

57 67 88 40

Adresse

6893 Vik

Priser

Enkeltbillett: NOK 50,-
Gruppe (min. 15), pensjonister: NOK 40,-
Student/barn under 5 år: NOK 40,-
Familie: NOK 150,-

Merknader til besøkende

Åpningstider i sesong: 11-16. Tinging av omvising tlf. 57 67 88 40, hove@fortidsminneforeningen.no