Stordal gamle kyrkje ligg i Stordal kommune i Møre og Romsdal og har vore eigd av Fortidsminneforeninga sidan 1908. Kyrkja er no del av det vesle bygdetunet i Stordalen saman med tre andre gamle bygg.

Frå utsida ser ikkje Stordal gamle kyrkje så spesiell ut, bortsett frå at ho er ei fin, gamal og velhalden, åttekanta trekyrkje. Det er fyst når ein kjem inn, at ein ser kor særmerkt ho er. Veggene, søylene, taket, galleriet og preikestolen er heilt overdekte med akantusrankar og drueklasar, sirklar og roser i solgult og himmelblått. Nedst har veggene måla draperi i grått og svart, og innimellom rosene og rankane er der bibelske scener og motiv i naivistisk stil. Dekorasjonane vart utførte i 1799 og den vanlege nemninga er "Rosekyrkja".

Rosekyrkja stod ferdig i 1789. Den gamle stavkyrkja, som kanskje kan ha stått der sidan 1300-talet, var gammal og til nedfals. Presten Ebbe Carsten Tønder teikna den nye kyrkja. Truleg vart kyrkja bygd av bøndene på dugnad og tømmeret henta frå den lokale skogen. Etter gammal skikk vart brukbart materiale brukt om att og deler frå den gamle stavkyrkja er nytta i Rosekyrkja. Etter tradisjonen skal mellom anna himlingen i våpenhuset vere den same som himlingen over koret i stavkyrkja. Dei fire beresøylene i kyrkjeskipet kan også vere frå den gamle stavkyrkja.

Veggane i kyrkja er heilt dekte av måleri – det er etter denne rosemålinga kyrkja har fått namn. Arbeidet er gjort i 1799 av to omreisande kunstnarar, Vebjørn Hammersbøen frå Hallingdal og læreguten Anders Reinholdt. Motiva er Kristus og dei fem kloke og dei fem dårlege brudemøyane (på nordveggen), dei fire evangelistane (over koropninga), dei tolv apostlane (på sørveggen), Samson med løva (på den noko fantasifulle løva kan tilskodaran godt sjå at det ikkje var mange løver i Noreg!) og David og Goliat. Preikestolen har renessansemotiv i fyllingane. Fargane har vore slik sidan 1799.

Altertavla framstiller Jesus på krossen, flankert av Maria, Jesu mor og apostelen Johannes. Nedst står det "Hvo der æder mit legeme og drikker mit blod, han har det evige livet". Bak alteret heng ei lang stang med ein raud typose på enden og med glasperler langs opninga. Den har truleg vore brukt til å samle inn "fattigskjerven", ein gamal form for sosialhjelp. Ulikskapane i stand i det gamle bondesamfunnet viser seg også i kyrkja. Bøndene med dei største gardane sat lengst framme i kyrkja, nærast alteret. Truleg har den enkelte garden laga benkane sine sjølve, for ikkje ein av dei er like. Dei som ikkje hadde matrikulert jord sat bakerst (under galleriet) på dei smale benkane utan ryggstø.

Det var ei manns- og ei kvinneside i kyrkja. Ein kan finne ut kva som var mannsida ved å sjå etter knaggane og krokane på beresøylene der mennene hengte frå seg hattar og hovudplagg for å vise respekt i Guds hus.

TILLEGGSINFORMASJON

Besøk
Utleie

Sesong

20.06–21.08

E-post

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Telefon

975 27 590

Adresse

6250 Stordal

Priser

Voksen: 40 kr
Barn: 20 kr
Student og honnør: 30 kr
Familie: 70 kr
Grupper (f.o.m. 8 stk.): 30 kr per person

Merknader til besøkende

Opningstider: 11–16. Utanom fast opningstid kan omvisning tingast på tlf 975 27 590. E-post: sunnmore.lokallag@gmail.com. Kyrkja kan leigast ut for bryllup frå kr 1500 - ta kontakt for nærare avtale