Urnes stavkyrkje vart bygd i 1130-åra. Kyrkja står i ei særstilling når det gjeld arkitektur og stilhistorie, og er eit sentralt verk i norsk kunst og historie. Ho er rekna som den eldste av stavkyrkjene, og eit ekspempel på svært godt handverk og særdeles fin treskurd.
Urnes stavkyrkje ligg i Luster i Sogn, i ein storslagen natur. Ornamentikken i kyrkja er svært interessant, og kan tidfestast til 1050-1100, noko som tyder på at mykje stammar frå ei tidlegare kyrkje. Den særmerkte urnesstilen har sitt namn frå Urnes stavkyrkje. Stilen er kjenneteikna ved flotte utskjæringar av svært høg kvalitet. Urnes stavkykje vart i 1979 innskriven på UNESCO si verdsarvliste. Kyrkja er eigd av Fortidsminneforeningen.På stavechurch.com kan du lese mer om de norske stavkirkene
Kva fortel runene? Eit undervisningsopplegg for grunnskulen
I 1902 vart det funne ein runepinne under Urnes stavkyrkje. I undervisningsopplegget Vår verdsarv: Urnes stavkirke skal elevane nytta moderne teknologi og utforsking for å finna ut kva som står på pinnen, og kva den kan fortelja oss om livet i mellomalderen.
I freistnaden på å løysa gåta vil elevane mellom anna læra om høvdingane som heldt til i Sognefjorden og kyrkjene dei bygde, korleis dei fyrste bøkene kom til Noreg, og kvifor nettopp Urnes stavkyrkje er på verdsarvlista til UNESCO.
Opplegget tek utgangspunkt i kompetansemåla for historie for 6. trinn på mellomtrinnet og er laga med støtte frå Den norske Unesco-Kommisjonen.
Send ein e-post til denne adressa om du ynskjar å tinga opplegget til din klasse: sofie.klemetzen@fortidsminneforeningen.no