Bygningsvern i geitenes rike

Publisert 26.04.2024

På slutten av 1800-talet kom Sylfest Bergmål og Olina Skåri til Undredal i Sogn, og fekk skøyte på bruket Kappadal i 1884. Denne inkluderte både den frodige, naturskjønne hyllegarden Nedbergo, 540 klatremeter opp på den andre sida av Aurlandsfjorden og langstølen Vassete.

Tekst og foto: Ivar Moe. Artikkelen ble først publisert i Fortidsvern nr. 4-2023

Siste setring var i 1964; deretter stod garden til forfall fram til 2011 da oldebarnet Toril Nedberge Klevmark tok ansvaret for restaureringa. Ho tilbragte sjølv lykkelege somrar der i barndommen, og opplevde mlkinga av geiter i eit levende, autentisk miljø. 

På Nedbergo hadde dei også nokre kyr og sauer gjennom tidene, men det var geitene og osten av mjølka som var den viktigaste inntektskjelda. Det var også sætring med geiter og ysting av brun og kvit geitost på langstølen Vassete, ca. 1100 m. over fjorden, i retning Lærdal. Historisk var Nedbergo eitt bruk, men i dag er det delt i to uavhengige bruk med forskjellige eigarar, utan at desse er i familie med kvarandre.

I sommarhalvåret budde systrene Nedberge både på Nedbergo og Vassete. Dei mjølka geiter, ysta ost og bestefar Ola Nedberge kløvja osten med hest langs bratte fjellsider ned til fjorden. Han kjøpte seg også ei av Sognefjordens første skøyter for handel i 1935. Denne vart brukt til rundreise frå innerst til ytterst i Sognefjorden for sal av brunost og kvitost samt geiteskinn frå fjellgarden. I dag er den kvite, upasteuriserte geitosten frå Undredal ei ettertrakta delikatesse.  

Når hausten kom, tok dei geitene ned til fjorden, rodde dei over til Undredal, og seinare med motorbåt, kor dei overvintra i kjellarfjøs under to våningshus. Det er godt med eng og gras på Nedbergo, som dei slo og bar ned på ryggen til vinterfôr for geitene. Etter kvart fekk dei løypestreng til frakt i flukt over det ville bratthenget. Om vinteren kunne gardsfolket, utanom fôring av overvintrande geiter samt nokre sauer, ha annan type arbeid medan dei venta på at våren skulle komme. Bortsett fra bær og viltveksande urter som oregano, skårakonge på dialekt, var det ikkje mykje som kom av seg sjølv for dei som levde i denne kulturen. 

I dag har Toril Nedberge Klevmark overteke den avdøde tante Margit sitt hus ved fjordkanten i Undredal, der steinkjellaren var vinterfjøset for geitene frå huset var nytt i 1922, då  bestefar Ola Nedberge bygde det. Torill og mannen Thomas bor på Harestua i gamle Oppland, så huset i Undredal er førebels fritidsbustad. Dei tek vare på det slik det stod då det var nytt, og kjellaren er etter kvart tenkt sett i stand, slik den var som fjøs.

- Det er viktig å ta vare på kulturen og identiteten vår. Arv og tradisjonar er heile overbygninga over denne innsatsen. Å kunne ta vare på eit kulturminne og tradisjonen som ligg i det, er heilt spesielt. Men, ein kan ikkje gjere noko her utan å ha glød, då taper du ganske fort, sier Torill, tidlegare medlem av Fortidsminneforeiningas hovudstyre og no medlem av foreiningas avdeling i Vest-Oppland.

Våningshuset

Våningshuset på Nedbergo er ca. 250 år gammalt og ligg 540 høgdemeter over havet. Det er eit tømmerhus i to etasjar og kjellar. Frå gavlen mot sør, er det ei praktfull utsikt over kulturlandskapet og verdsarven Nærøyfjorden, samt Hallingskarvet. Huset er mykje brukt ved jakt. Det originale taket vart skifta til bølgjeblekk på 1980-talet. Det kom ny ovn til oppvarming og kokning i 2015. Bygningsmassen stort sett i god stand, så langt er restaureringstiltak ikkje sett i verk.   

Løe

I 2011 begynte ei total restaurering av løa på 70 m2 i to høgder. Denne stod ferdig i 2014. Løa var eit stort prosjekt med full steinkjellar under. Steinmuren stod ganske godt. Noke stein hadde falle ned utvendig, medan treverket i bjelkane i tak og golv måtte restaurerast. Geir Vetti var ansvarleg for restaurering av steinmuren. Til utføring av steinarbeidet hadde han med seg fem sterke sherpaer frå Nepal. Restaureringshandverkarane Audun Thorvaldsen frå Aurland og Arle Nyborg-Christensen frå Balestrand gjennomførte restaurering av tømmer i vegger og tak, samt tilbakeføring av små vindauge og dører med smijernsbeslag. Til sist vart det gamle bølgjeblekktaket sett tilbake. Dette taket har så langt halde godt. Til restaurering av løa ble det gitt god økonomisk støtte ved Kulturminnefondet og noke frå Stiftelsen UNI. Eigenkapital utgjorde resten av restaureringa.  

Grunnmur under ostebu og fjøs

På steinmuren bak våningshuset, var det opprinneleg sett opp eit stabbur som i alle år vart brukt til oppbevaring av ost, og bak den igjen ein fjøs til sauer. Steinane i grunnmuren var delvis borte ved oppstart av restaureringsarbeid i 2017 og ekstra stein måtte hentast ut av fjellet over Nedbergo av sherpaer med slegge. Den vart frakta ned til fjellgarden med helikopter. Grunnmur under ostebu og fjøs stod ferdig restaurert haust 2017.

Ostebu

Rester av treverk i ostebua vart av fylkeskommunen godkjent restaureringsverdig. Treverket vart frakta ned til Balestrand for restaurering hjå handverkar Arle Nyborg Christensen.  Restaurert ostebu var ført tilbake til restaurert grunnmur sommaren 2018.  

Fjøs 

Rester av treverk i fjøset er av fylkeskommunen godkjent restaureringsverdig. Treverket er frakta ned til Nessane/Balestrand for restaurering hjå handverkar Arle Nyborg Christensen. Vestland fylkeskommune har bevilga midlar til restaurering. Grunnmur til fjøs er klargjort  for oppsetjing av restaurert bygg. Arbeid med restaurering av siste verneprosjekt, fjøs, er under planleggjing.  

Inskripsjonar

Dei som har jobba med restaurering på Nedbergo, antek av mykje av tømmeret og er brukt i andre bygningar. Det er inskripsjonar i tømmeret som er påvist går minst 250 år attende.

Restaurering på Nedbergo er støtta av Kulturminnefondet, Stiftinga Uni, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Vestland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Nedbergo fjellgard er del av Nærøyfjorden landskapsvernområde. Det er i samarbeid Fylkesmann og Verdsarvpark utarbeida verneplan for innmark og utmark rundt fjellgarden Nedbergo. Verneområdeforvaltar har ansvar for pleie av inn-og utmark i verneområdet.