Utlysing av arkitektkonkurranse for Urnes verdsarvsenter

Publisert 18.10.2021

Måndag 18. oktober er ein milepæl for Fortidsminneforeininga og vegen fram mot eit nytt besøkssenter for Urnes stavkyrkje i Sogn: Vi inviterer til open plan- og designkonkonkurranse for Urnes verdsarvsenter, planlagt opna i den vesle bygda Ornes i Luster i 2024.

Miljødirektoratet autoriserte i oktober 2019 Urnes som verdsarvsenter med planar for bygging av eit nytt besøkssenter, i tråd med ambisjonane til regjeringa for verdsarven i Noreg. Senteret skal bidra til å styrka lokalsamfunnet gjennom auka lokal verdiskaping og gi besøkande ei best mogleg oppleving på Ornes. Verdsarvsenteret skal gjera det mogleg å oppfylla høge ambisjonar for formidling og vera navet i eit heilskapleg publikumstilbod som knyter saman formidlinga om stavkyrkja, verdsarven, kulturmiljøet og landskapet.

– Senteret skal tilføra kvalitetar, men først og fremst bidra til å forsterka dei som allereie er. Når ettertida skal vurdera bidraget vårt til historia skal det stå klart at stavkyrkja, kulturlandskapet og naturen framleis speler hovudrollene, seier generalsekretær Ola H. Fjeldheim.

Last ned planprogrammet til konkurransen (pdf)

Fortidsminneforeininga overtok i 1881 Urnes stavkyrkje frå ca. 1130 og eig og forvaltar ho på vegner av fellesskapet, lokalt og nasjonalt. Men stavkyrkja tilhøyrer òg heile verda: I 1979 – som den første norske oppføringa – fekk ho plassen sin på UNESCO si liste over verdsarv. Dette bringar besøkande frå heile verda til Ornes, eit lite samfunn med 35 innbyggarar. Dette lokalsamfunnet er kritisk viktig for at verdsarvverdiane kan haldast oppe. Med rundt 40 000 besøkande til Ornes og 20 000 som besøker stavkyrkja, er eit nytt besøkssenter nødvendig for ei berekraftig forvaltning og besøksdrift.

– Forvaltninga av kyrkja og kulturmiljøet på Ornes er ein lang historisk stafett. Etappen vår er no. Det ligg eit stort ansvar i å forvalta desse enorme verdiane. Det er jobben vår å bringa dei vidare, utan at det verdifulle og unike går tapt. Det inneber eit endå større ansvar å skulla gjera endringar. Og det er det skrittet vi tar no – med utlysinga av denne arkitektkonkurransen. Avtrykka våre må vera ein del av eit heile, vera berekraftige og visa respekt. Fortidsminneforeininga føler sterkt på det ansvaret. Vi trur og håper at dette òg vil gjelda alle som deltar i denne konkurransen, seier Fjeldheim.

Saman med lokalsamfunnet har Fortidsminneforeininga valt ei tomt for det nye verdsarvsenteret ved tilkomma til Ornes, i god avstand frå stavkyrkja og med flott utsikt over Lustrafjorden. Tomta skal fungere som inngangsporten til området og til stavkyrkja. Senteret skal vera ein kombinasjon av eit museumsbygg og ein lokal samlings- og kulturarena. Bygget skal binda saman formidling av kultur- og naturarv i ei heilskapleg oppleving, innandørs og utandørs. Det nye senteret skal òg sikra heilårsdrift.

«Verda inn i tunet» er senterets berande konseptuelle idé. Utstillinga «Tre og tru gjennom tusen år» skal formidla kva som gjer Urnes til verdsarv, medan ein gammal eplehage på tomta skal bevarast og utviklast til «Urneshagen», der berekraftig forvaltning av naturressursar er tema. Meir om planane her

Lenke til planprogrammet til konkurransen

Dette er juryen:

Margrethe C. Stang (juryleiar), førsteamanuensis NTNU, styreleiar Fortidsminneforeininga, nestleiar Verdsarvrådet i Luster; Erik Jondell, arkeolog, tidlegare museumsdirektør; Ola H. Fjeldheim, generalsekretær Fortidsminneforeininga; Ivar Kvalen, ordførar Luster kommune; Kjetil Trædal Thorsen, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd arkitekt MNAL frå NAL; Sondof Rabbe, sivilarkitekt MNAL, oppnemnd arkitekt MNAL frå NAL. Rolla som sekretær til juryen vil varetakast av Norske arkitekters landsforbund (NAL) ved Gisle Nataas

Vinnaren av konkurransen blir offentleggjord i mars 2022.

Konkurransen blir arrangert som ein open plan- og designkonkurranse i samsvar med Lov og Forskrift om offentlege innkjøp, kap. 31 og blir offentleggjorde gjennom nettsida til NAL, www.arkitektur.no, og portalen www.mercell.com

Urnes verdsarvsenter har eiga nettside der planane for det kommande besøkssenteret er presentert.