Dette kjempetreet skal bli til ein kopi av Urnesportalen

Publisert 27.01.2022

I meir enn eitt år har Fortidsminneforeininga lett for å finna ei furu stor nok og av god nok kvalitet til å bli emne for dei dyktige treskjerarane som skal laga ein kopi av Urnesportalen – som igjen skal bli ein del av utstillinga i Urnes verdsarvsenter.

Tips om store tre har det siste året komme inn frå Trøndelag, Møre og Romsdal og andre stader, desse har vore vurderte, men målet har vore å helst finna noko kortreist. Og til slutt fann vi det - på Fresvikåsen ved Vik i Sogn. Måndag 24. januar vart det omsider felt - med både media og lokale bebuarar til stades. 

Treet som vart felt er ei fleire hundre år gammal furu med ei spesiell historie. Det stod tre digre tre her, og to av dei vart felte rundt 1900 for å bli seilskutemaster i Bergen. Det siste var for lite til å bli ei mast og vart ståande. I dag har furua som er vorte kjent som «Dronninga på Fresvikåsen» vorte hundre år større.

Grunneigaren Olav J. Bøtun har alltid tenkt at Dronninga skal brukast til noko heilt spesielt. Han hugsar treet frå då han var liten gut, og opp gjennom åra har han fått fleire førespurnader om å få kjøpa treet, Gong på gong har han takka nei - heilt til no. At ho no skal bli treskjerarhistorie og del av verdsarvsenteret synest han er veldig spennande.

Prosjektet med å laga ein kopi av Urnesportalen heiter Treets Meister og er unikt i treskjerar-Norge. Tre team med nokon av landets fremste treskjerare skal laga kvar sin del av portalen og målet er å vera ferdig til opninga av Urnes verdsarvsenter i 2024. Undervegs er dette òg eit stort forskingsprosjekt; her skal vi få ny kunnskap om korleis denne utsøkte treskurden vart forma for 1000 år sidan.