1972 - 2022: Verdsarvkonvensjonen er 50 år

Publisert 16.11.2022

16. november er det 50 år sidan UNESCO vedtok Verdsarvkonvensjonen og etablerte verdsarvlista i 1972. Målet er å sikre, bevare og formidle verdsarv av framifrå universell verdi og overlevere denne til framtidige generasjonar. I Luster kommune ligg ein verdifull arv: Urnes stavkyrkje.

Konvensjonen var meint som eit svar på det aukande presset mot kulturminne og naturområde i form av krig, naturkatastrofe, forfall, forureining og besøkstrykk. Verdsarvlista blei etablert på bakgrunn av at nokre av verdas byggverk og naturområde har ei så stor betydning at tapet av dei vil vera uerstatteleg for menneskeheita. Verda har difor eit felles ansvar for å ta vare på desse stadene.

Noreg inn på lista i 1979

Noreg skreiv under denne konvensjonen og er forplikta til å ta vare på dei norske verdsarvstadene, i lag med resten av sin nasjonale natur- og kulturarv. Urnes stavkyrkje blei skrive inn på verdsarvlista allereie i 1979, som den første av Noreg sine verdsarvstader, ilag med Bryggen. I dag er det åtte verdsarvstader rundt om i Noreg som representerer det ypparste av norsk natur- og kulturarv; Urnes stavkyrkje, Bryggen i Bergen, Røros Bergstad og Circumferensen, Bergkunsten i Alta, Vegaøyan, Struves Meridianbue, Vestnorsk fjordlandskap og Rjukan-Notodden Industriarv.

UNESCO samanfattar dei strategiske målsetjingane for konvensjonen med «dei fem C-ane»: credibility (truverd), conservation (bevaring), capasity-building (kapasitetsbygging), communication (kommunikasjon) og communities (lokalsamfunn).

Uvurderleg for lokalsamfunnet

Ordførar Ivar Kvalen i Luster kommune seier dette om kva stavkyrkja betyr for lokalsamfunnet og kva tankar han gjer seg i møte med verdsarven:

«I snart 900 år har ho stått der, i alt slags vær og vind, frost og varme. Sett skip som har segla inn og ut. Kongar og stormenn som har komme og gått. Arbeidsfolk og bønder som har slite benkane, ungar som ventar på at preika snart skal ta slutt så dei kan komme seg ut i sommarsola. Muntert prat utpå kyrkjebakken, kvardag og helg, sorg og glede. Denne nesten evige linja av generasjonar som har trakka over dørstokken. Dette er tankar som kjem til meg kvar gong eg stig inn i Urnes stavkyrkje.

I snart 900 år har denne unike og flotte trebygningen stått å sett utover Lustrafjorden. Stavkyrkja på Ornes, med sin fantastiske flotte utsmykking og heilt unike treskurd har etter mi meining alltid vore verdsarv. Som ordførar i  Luster kommune er eg svært stolt over å ha Urnes Stavkyrkje i vår kommune og att vår historie er ein del av verdsarven.»

Luster kommune og Fortidsminneforeininga, som eigar av Urnes stavkyrkje, gratulerer UNESCO og verdsarvkonvensjonen med dagen!

Meir om verdsarven Urnes:

I 2019 vedtok Stortinget at det skal byggjast eit verdsarvsenter for Urnes stavkyrkje i bygda Ornes. Planane for det nye besøkssenteret kan du lesa om her