Dugnad rundt Lydvaloftet

Publisert 18.04.2023

Vel møtt til vårdugnad rundt Lydvaloftet og Ullestadbua Sundag 23.april 17:00-19:00

 

Det er tid for å raka og rydda rundt bygningane «våre», og fjerna bringebærris, rynningar og anna kratt i skråninga på oppsida, for å hindra at vegetasjonen kjem for tett på gamle vegger.

Sidan det er sundag ettermiddag jobbar me manuelt.

 

Ta med hagesoks/greinsoks/greinsag og rive om du har, og gjerne ein termos med kaffi.

 

 

 

Knut Finne vil orientera om Lydvaloftet, og det vert høve å ta ein kikk inn i det vakre loftet i mindre grupper.

 

 

Vel møtt til ein hyggeleg og nyttig vårettermiddag!

Helsing oss i styret

 

 

 

 

 

 

Har du spørsmål?

Kontakt

Valborg: 99268939

vkloeve@gmail.no