Idedugnad 25. februar i Gamlebanken

Publisert 05.02.2024

Folkemøte og idegunad i Lærdal

Velkommen til idedugnad 25.februar i Gamlebanken i Lærdal!

Sogn lokallag og Sogn og Fjordane avdeling av Fortidsminneforeininga inviterer til folkemøte og idedugnad om framtida til Gamlebanken i Lærdal. Gamlebanken er eit viktig kulturminne og ein iaugnefallande bygning sentralt i det verna trehusmiljøet på Lærdalsøyri, bygd i empirestil med mange spennande nyklassisistiske og egyptinspirerte detaljar. Fortidsminneforeininga har vore eigar sidan 2022.

På møtet vil me sleppa kreativiteten laus og få i gang ein god samtale om ny bruk av bygningen. Kva kan Gamlebanken brukast til? Kva funksjonar kan bygningen fylla? Kva aktørar er aktuelle å samarbeide med? Alle idear og innspel er velkomne.
Vel møtt til ein god samtale!

Kontakt: christine@fortidsminneforeningen.no
Sted: Gamlebanken, Øyragata 11, Lærdal sentrum
Tid: Søndag 25 februar kl 17:00