Jubileumsarrangement i Finnesloftet: kristenrett og ølbrygging

Publisert 02.04.2024

Laurdag 17. august inviterer Voss lokallag og Vestnorsk kulturakademi til arrangement med foredrag, ølsmaking, omvisning og middag.

Det er i år 1000 års jubileum for Kristenretten, som vart innført av Olav Haraldson og biskop Grimkjell og vedtatt på Mostratinget i 1024. I denne lova vart det mellom anna påbod om å brygga øl to gonger om året og servera arveøl eller gravøl.  Gjorde ein ikkje dette kunne du få bot og til sist mista gard og grunn.

Ølbryggjartradisjonane har halde seg heilt fram til i dag i Indre Vestland og vi har ein levande kulturarv knytt til heimabrygging av øl med kveik, som må takast vare på. Forskinga som VKA og NIBIO har gjort dei siste åra viser at gjærsoppen kveik er svært gammal og i alle fall over 1000 år. Vi sit difor truleg med den eldste levande immaterielle kulturarven på ølbrygging i verda. 

Vestnorsk kulturakademi, saman med Fortidsminneforeningen avd Voss, vil setje fokus på 1000 års jubileet og ha eit arrangement i Finnesloftet og på Tvildemoen laurdag 17.08.2024. Arrangementet vil starta i Finnesloftet med foredrag og ølsmaking (kveikøl) med litt å bite i. Deretter buss til Tvildemoen, der det vil bli omvisning m a i Kveikbanken og det heile blir avslutta med middag (kortreist tradisjonmat) på Vestnorsk kulturakademi.

Arrangementet startar kl 16 og varer til kl 22

Foredrag

Rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde: Om kristenretten, øl, ølhus, gilde og gildeskål.

Knut Finne: Om Finnesloftet

Atle Ove Martinussen (VKA): Om gjærsoppen kveik

Hans Geir Eiken(NIBIO): OM DNA-forskinga på kveik

Ølsmaking

Buss til Tvildemoen

Omvisning i Kveikbanken (Laboratorium). Demonstrasjon av dyrking av kveik.

Midddag på Vestnorsk kulturakademi

       --------------------------------------   «   ------------------------------------------

Max 30 deltakarar

Pris kr 450 utan middag og kr 750 inkl middag