Konsert i Rosekyrkja

Publisert 06.08.2021

Opplev populær 1700-talsmusikk i vakre Rosekyrkja i Stordal.
Konsert i Roseskyrkja onsdag 11. august kl. 20.00
Musikarane er: Carolin Eide, Øyvind Skatvedt Robak og Evgenii Zhukov, og dei kallar konserten BACH
Prisen er kr, 200,- og det blir billettsal i Prestestova føreåt. De kan betale med kontantar eller Vipps.
Konsertprogrammet er populær 1700-talsmusikk med Bach - Albinoni -Corelli - Händel -til saman blir det BACH - og dei har valt ut mykje dansemusikk.
Instrumenta: Zhukov, fløyte; Skatvedt, fiolin;  Eide, cemba.
Evgenii Zhukov er klassisk utdanna fløytist frå konservatoriet i Astrakhan og musikkonservatorie i Tromsø. Busett på Stranda , er musikkskulelærar, og har tdlegare både vore orkestermusikar og solofiolinist.
Carolin Eide er utdanna organist frå Leipzig, og arbeider sm kantor/organist. Ho har arbeidd fleire stader i Noreg, men er nå organist i Stranda og Norddal, men bur i Eidsdal.
Øyvind Skatvedt Robak er utdanna i fiolin ved NTNU Institutt for musikk i Trondheim. Han har spesialisert seg i tango og klassisk musikk og arbeider som frilansmusikar. er lærar ved Ørsta musikkskule og konsertmester i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.